Haititanagar (Phaenicophilus poliocephalus) er ein av fire fugleartar i hispaniolatanagarfamilien, Phaenicophilidae. Han er endemisk for Tiburonhalvøya på øya Hispaniola i Karibia, og finst også på tre nærliggande øyar, den største av dei er Gonâveøya.
Taksonomi og systematikk Haititanagar deler slekta si med svarthettetanagar (P. palmarum). Dei to artane i slekta hybridiserer og har til tider vorte rekna som same arten. Slekta var lenge inkludert i tanagarfamilien Thraupidae, dei «ekte» tanagarane, men slekta vart saman med to artar frå parulafamilien flytta til ein ny familie, hispaniolatanagarfamilien, i 2017.
Skildring Haititanagaren er ca. 18 cm lang og veg ca. 27 gram. Kjønna er like. Nominatunderarten på «fastlandet» har ei djupt gråfarga krone og ei svart «maske» med kvite flekker framfor, over og under auget. Overdelen er gulgrøn. Halsen er knallkvit og resten av undersida har den same mørkegrå som krona. To underartar på dei nærliggande øyane har generelt litt bleikare fjørdrakt.
Haititanagar lever i alle tilgjengelege skogtypar frå tørr til våt og open til tett. Dei finst også i treplantasjar og i landlege og urbane hagar og parkar. Arten er lettast å sjå på Massif de la Hotte mot den vestlege enden av Tiburonhalvøya. I høgda varierer utbreiinga frå havnivå til 2400 moh. Han er ein standfugl i heile utbreiingsområdet.
Haititanagarane beitar i par eller familiegrupper frå midtnivået til skogen til kronetaket, og sluttar seg også nokre gonger til fleirartsflokkar under beiting. Den viktigaste komponenten i kosthaldet er små leddyr med eit mindre bidrag frå frukt. Han søkjer etter leddyr for det meste ved å plukke frå lauvverk, både levande og daudt.
Hekkesesongen er frå mai til juli. Fuglane byggjer eit koppforma reir av kvister opp til omtrent 9 m over bakken. Storleiken på kullet er to til fire egg. Familien held saman i fleire månader etter at ungane er flygedyktige. Tanagaren har «ein utvida melodisk song» i hekketida og elles eit «piii-u»-rop.
Status IUCN har kategorisert haititangeren som nær trua. Arten har eit avgrensa territorium og ein ukjend populasjonsstorleik som ein går ut frå er minkande. Avskoginga på Haiti har vore alvorleg og held fram. Likevel er haititangeren vanleg i område med attståande habitat. Den attståande skogen på Hispaniola er under konstant press, men som generalist i bruk av habitat har arten moglegvis ei viss motstandskraft mot trugsmåla frå avskoging, noko som aukar sjansane for å overleve.
Kjelder
Denne artikkelen er omsett frå «Grey-crowned palm-tanager» frå , den 11. september 2024
Bakgrunnsstoff
Kategori:Hispaniolatanagarfamilien