Nandu-elva (kinesisk skrift 南渡江) er den lengste elva i Hainan-provinsen i Kina. Ho får vasstilførsel frå Xinwu-elva. Elva renn ut i Nandu-estuaret ved byen Haikou, og deretter ut i Qiongzhousundet.

Elva er 314 km lang, med ei vassføring på 6.099 milliarder kubikkmeter. Ho renn forbi dei største busetnadane i Chengmai Zhen i Chengmai fylke og deretter Dingcheng i Ding'an fylke. Deretter snur elva mot nord og renn gjennom Longtang-demninga i Longtang, ein litt mindre by enn Chengmai og Ding'an. Nandu går så under fleire bruer, som Nanduelva jernbru og Qiongzhoubrua. Etter å ha runne forbi Qiongzhoubrua, på sørsida av Xinbu-øya, renn Nandu norrover langs den austlege sida av Xinbu og ut i havet. Ved den sørlege tippen av Xinbu-øya renn to munningsarmar ut frå elva. Ein av dei er Henggouhe-kanalen, som går langs vestsida av Xinbu-øya. Den andre er den mindre Haidian-elva, som renner vestover, under Haikou hunseåeabeu, og ut i Haikoubukta.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nandu River» frå , den 16. september 2024.

Kategori:Elvar i Hainan