Klaverkonsert i , op. 16, (ofte kalla A-moll-konserten), er den fyrste og einaste klaverkonserten til Edvard Grieg, skriven då han var 25 år gamal.
Det er eit av hans mest kjente verk av stort format, og blant verdas mest populære pianokonsertar. I 1906 blei konserten den fyrste pianokonserten som blei spelt inn på plate, i alle fall seks minutt av han. Publikum tok svært godt imot konserten på urframføringa. Musikkritikarane var til dels negative til verket.
Verket syner tydeleg interessa Grieg hadde for norsk folkemusikk; opninga er basert på eit motiv ein ofte finn i norsk folkemusikk – eit nedadgåande lite sekund (sjå intervall) følgd av ein nedadgåande stor ters. I siste sats av konserten finn ein likskapar med springaren, og ein kan spora etterlikningar av hardingfela.
Originalmanuskriptet er i dag eigd av Nasjonalbiblioteket og er innlemma i Noregs dokumentarv, eit register over dei viktigaste dokumenta i norsk historie og kultur. Registeret er ei nasjonal utgåve av verdsminne-programmet til UNESCO.
Bakgrunn Grieg-familien reiste til Danmark i juni 1868 for at Edvard kunne byrje arbeidet med sitt hittil største verk; ein konsert for klaver og orkester. Nina Grieg og nyfødde Alexandra (fødd april 1868) budde hos svigerforeldra i København. Edvard drog åleine til Mothsgaard i der han blei møtt av venane og . Sistnemnde var på den tida ein av dei leiande pianistane i Norden, og fekk mykje av æra for at nettopp klaverstemmen blei som han blei. Blant anna kom han med fleire konstruktive råd til Grieg undervegs i prosessen, og det blir hevda frå enkelte at solokadensen mot slutten av fyrste sats var Neupert sin eigen komposisjon. Grieg arbeidde på eit piano inne i eit lite drivhus, og skreiv såleis heile klaverstemmen i løpet av månadane som følgde. Derimot skreiv han ikkje orkesterstemmen i Danmark. Forutan nokre få skisser blei partituret fullført i Oslo i løpet av vinteren 1869.
Besetning Partituret har følgjande besetning: to fløyter, to oboar, to klarinettar, to fagottar, fire horn, to trompeter, tre trombonar, paukar, fiolinar, bratsjer, celloar og kontrabassar.
Satsar Konserten har følgjande satsar:
Allegro molto moderato Adagio Allegro moderato molto e marcato
Urframføring Grieg var sjølv ein glimrande pianist, men på premieren 3. april 1869 i Casino Store Sal i København, blei konserten spelt av Edmund Neupert. Grieg hadde ikkje høve til å vere til stades på premieren, grunna forpliktingar med eit orkester i Christiania. Kjende personar var likevel blant publikum; fyrst og fremst den musikkinteresserte dronning Louise, men også leiande skikkelsar som Niels W. Gade og den russiske pianisten Anton Rubinstein. Rubinstein var sjølv på turné på den tida, og stilte sitt eige flygel til disposisjon for Neupert under premieren. Framføringa blei «ekstatisk» mottatt av publikum som i strid med tradisjonen klappa mellom satsane. Neupert hadde gitt Grieg råd under komposisjonsarbeidet. Ei norsk framføring følgde i Kristiania 7. august same år, og konserten blei seinare også framført i Tyskland i 1872 og England i 1874. Då Grieg vitja Franz Liszt i Roma i 1870 spelte sistnemnde heile konserten rett frå bladet, noko Grieg såg på som svært imponerande.
Verket blei fyrst publisert ved forlaget E.W. Fritzsch i Leipzig i 1872. Like før han døydde gjorde Grieg tydelege endringar i orkestreringa på konserten – blant anna blei blåserrekkja supplert med to nye hornstemmer, og det andre temaet i fyrste sats blei tatt frå solotrompeten og lagt i celloane.
Samanlikning med Schumann Konserten til Grieg blir ofte samanlikna med til Robert Schumann. Han er skriven i same toneart, opningane av fyrste sats er svært like, og ein del musikkhistorikarar og kritikarar hevdar at stilen må reknast for å vere nærare Schumann enn nokon andre. Grieg høyrde konserten til Schumann bli spelt av Clara Schumann i Leipzig i 1858, og blei generelt svært påverka av Schumann, noko han sjølv fleire gongar gav uttrykk for. I tillegg hadde han fått pianoundervising av venen til Schumann, .
right|450px|thumb|Halling-motivet i 3. sats
I seinare tid I dag er det mogleg å høyre korleis Grieg sjølv ønskte at A-moll-konserten skulle lyde. Under besøket sitt på Troldhaugen i 1907 kort tid før Griegs død, spelte Percy Grainger inn konserten på papirruller som korrekt gjev att alle anslaga til Grieg, registeringar og tempo, og med komponisten si godkjenning av versjonen.Reidar Mosland: «Slik ville Grieg det skulle lyde». NRK 1. september 2009
Sergej Rakhmaninov kalla a-moll-konserten «den beste pianokonsert som nokonsinne er skriven», og snart var den eit ikonisk verk i nasjonsbygginga, på line med Edvard Munch sitt måleri Skrik og Peer Gynt av Henrik Ibsen. Då Oslo-Filharmonien debuterte i 1919, stod a-mollkonserten på programmet. Grieg klarte aldri å lage noko i like stort format, og sjølv avfeide han verdsberømte stykke som og I Dovregubbens hall som noko som kom til han som «lus og lopper på landet». Men når bybanen i Bergen stoppar på haldeplassen på Hop, blir dette annonsert med nokre tonar frå stykket, Erik Fossen: «Lyden av Norge», Aftenposten 2. april 2019 og i 1961 hamna a-mollkonserten høgt på britiske og amerikanske hitt-lister, oppjazza av Jimmy Wisner – under kunstnarnamnet «Kokomo» – og omdøypt til «Asia Minor» (som er den engelskspråklege nemninga på det geografiske området Vesleasia).Piano Concerto in A Minor retitled Asia Minor
Klaverkonsert nr. 2 i H-moll I 1883–1887 jobba Grieg med ein andre pianokonsert i H-moll (EG120), men denne ble aldri fullført. Dei få fragmenta Grieg skreiv omfattar berre nokre korte parti for klaverstemmen, og samtlege av desse blei fyrste gong gjevne ut på CD i 1996 av pianisten Einar Steen-Nøkleberg.Grieg: Piano Music Vol. 14, Naxos 8.553400
I 1997 utvikla den belgiske komponisten Laurent Beeckmans ein komplett klaverkonsert av skissene til Grieg, og verket blei fyrste gong framført i London 3. mai 2003.
Grieg-selskapet og NRK lyste mot slutten av 1990-talet ut ein konkurranse rundt fragmenta Grieg hadde laga. Til saman blei det sendt inn 68 versjonar, og vinnarbidraget frå Alberto Colla blei urframført under avslutningskonserten ved Festspillene i Bergen i mai 1998. I 2015 blei eit anna av bidraga til konkurransen gjeve ut på CD av plateselskapet Naxos; dette bidraget var komponert av norske .
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Klaverkonsert (Grieg)» frå , den 21. september 2024.
Bakgrunnsstoff Artikkel om klaverkonserten (arkivert nettside)
Kategori:Komposisjonar av Edvard Grieg Kategori:Klaverkonsertar Kategori:Konsertstykke Kategori:Noregs dokumentarv Kategori:Musikk i 1868 Kategori:Musikk i 1869