Tamanghasset (arabisk ولاية تمنراست ) eller Tamanrasset, òg kalla Tamenghest (på tamazightisk) er ein by med 76 000 innbyggarar i Sør-Algerie. Tamanghasset er hovudstaden i provinsen Wilaya de Tamanrasset. Byen ligg 1400 meter over havet i fjellkjeda Hoggar, på 22° 47' nordleg breiddegrad og 5° 31' austleg lengdegrad.Aéroport de Tamanrasset > Fiche technique
Under fransk okkupasjon av Algerie, frå 1830 til 1962, var Tamanghasset ein garnisonsby. Tamanghasset, som er den største Tuareg-byen, er eit populært turistmål og i åra før borgarkrigen i Algerie var Tamanghasset eit populært reisemål for dei som ynskte ein eksotisk ferie. Det er godt utval av overnattings- og serveringsplassar og kvar ettermiddag er det marknad. Rundt byen er det store ørkenområde og Hoggarfjella ligg i nærleiken, som er restar etter utdøydde vulkanar med høgder på litt under 3000 meter. Byen har òg ein forskningsstasjon.Observatoire Magnétique de Tamanrasset
Bakgrunnsstoff Bilete frå Tamanghasset Satellittbilete av Tamanrasset, maps.google.com. Aéroport de Tamanrasset. Algérie :Tamanrasset - le mythe des touaregs reste vivant !
Kjelder
Kategori:Byar i Algerie