Craig Armstrong () er ein skotsk komponist som skriv orkester- og elektronisk musikk, medrekna filmmusikk.
Utdanning Armstrong er fødd i Glasgow. Han studerte musikk ved Royal Academy of Music frå 1977 til 1981, med fiolin og piano som hovudinstrument. Allereie under utdanninga fekk han ei rekkje prisar og utmerkingar for framføringane og komposisjonane sine.
Musikalsk karriere Ved å setja musikk til musikalen Moulin Rouge fekk han stor anerkjenning innanfor sjangeren filmmusikk, noko som toppa seg med ein Golden Globe for beste filmtema.Craig Armstrong Golden Globe Awards Andre kjende verk han har sett musikk til er Shakespeare-filmatiseringa Romeo & Juliet og Oliver Stone sin film World Trade Center. Han har også motteke ein grammypris for musikken sin til filmen Ray, som elles også vann ein Oscar. Han utvikla også eit nært samarbeid med den australske regissøren og dramatikaren Baz Luhrmann.
Armstrong har eit svært breitt musikalsk register, og har jobba med artistar som U2, Madonna, Luciano Pavarotti og Massive Attack. Han har også gjort innspelingar av klassisk musikk med BBC Symphony Orchestra. Elles har han skrive klassiske verk for symfoniorkester, og i 2007 skreiv han sin fyrste opera.
Viktige verk
1994: Slow Movement (strykarar) 1998: 20 Movements (orkester) 1999: If Time Must Pass (fiolin, strykarar) 1999: Escape (orkester, vokal) 2000: When Morning Turns to Light (mezzo-sopran, orkester) 2002: Northern Sounds ... Islands (orkester) 2005: One Minute (orkester) 2007: Immer (violin concerto no. 1) (fiolin, orkester)
Diskografi
Uavhengige utgjevingar
1998: The Space Between Us 2002: As If to Nothing 2004: Piano Works 2005: Film Works 1995-2005 2005: The Dolls (saman med Antye Greie og Vladislav Delay) 2008: Memory Takes My Hand
Filmmusikk
1996: Romeo & Juliet 1997: Orphans 1998: The Negotiator 1999: Plunkett & Macleane 1999: Best Laid Plans 1999: Et farlig spill 1999: The Bone Collector 2000: Romeo Must Die 2001: Moulin Rouge! 2001: Kiss of the Dragon 2002: Al Cuore 2002: The Magdalene Sisters 2002: The Quiet American 2003: Love Actually 2004: The Clearing 2004: Ray 2004: Layer Cake 2005: Fever Pitch 2005: Must Love Dogs 2006: World Trade Center 2007: Elizabeth: The Golden Age 2008: The Incredible Hulk 2010: Clash of the Titans 2010: Invasion America 2012: Oliver Stone: USAs skjulte historie (TV-serie)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Craig Armstrong» frå , den 25. september 2024.
Kategori:Folk frå Glasgow Kategori:Britiske komponistar