Flåm ferjekai er eit ferjeanlegg rett attmed Flåm stasjon på Fretheim i Flåm i Aurland kommune. Den fyrste kaia vart vedteken bygd her av kommunen i 1878, og i 1882 vart Christian Fretheim tilsett som den fyrste bryggjeekspeditøren. I dei tidlegaste rutene inngjekk stoppestaden med namnet Fretheim, som er det eigentlege namnet på området nedst i Flåmsdalen.
Skikkeleg ferjekai og bilførande ferjesamband kom ikkje før i 1967, saman med ny ferjekai ved Aurlandsvangen, då fjellvegen (noverande Fylkesveg 5627) opna mellom Aurlandsvangen og Lærdal. Då fekk ein sambandet Flåm-Aurland-Kaupanger-Årdalstangen, og året etterpå kom Gudvangen-Aurland-Flåm. Sistnemnde samband vart erstatta av Gudvangatunnelen i 1991, medan det attverande ferjesambandet berre gjekk til Kaupanger etter 1993 og vart nedlagd med opninga av Lærdalstunnelen i 2000.
Med dette vart det slutt på bilferjedrift til og frå Flåm i offentleg regi, men kaia er framleis nytta av andre offentlege båtruter, sjå Skyss. I tillegg er kaia nytta av småferjer og båtar i regi av turistnæringa. Større skip nyttar seg av eit større og moderne hamneanlegg om lag 300 meter nordaust for ferjekaia.
Kjelder
Kategori:Samferdsle i Aurland Kategori:Tidlegare ferjeleie i Vestland