Alpha Condé () er ein guineansk politikar for som var president i Guinea frå desember 2010 til han blei styrta i eit statskupp i september 2021.

Liv og virke Bakgrunn Alpha Condé blei fødd i den franske kolonien Guinea av foreldre frå Øvre Volta (noverande Burkina Faso). Han flytta til Frankrike då han var femten år. Der var han ifølgje tilhengjarane sine aktiv i Den nasjonale unionen for høgare utdanning (SNESUP), Foreininga for guineanske studentar i Frankrike (AEGF), og Føderasjonen for svarte afrikanske studentar i Frankrike (FEANF). Han har hevda å ha vore eksekutivkoordinator for Afrikanske nasjonale grupper (NG) frå 1967 til 1975, med ansvar for oppsynet med direktoratet til FEANF.

Condé hevda å ha skrive ei masteroppgåve i politologi, Le P.D.G. et le peuple de Guinée, i 1965.

Politisk virke I fleire tiår var Condé i opposisjon til dei vekslande regima i landet. Han stilte til val mot sitjande president Lansana Conté i presidentvala i 1993 og 1998.

President I presidentvalet i Guinea i 2010 blei Condé vald til president i andre valomgang.

Condé blei attvald i 2015 med 57,85 prosent av røystene, mot 31,44 prosent for rivalen . Han gjekk då inn i sin andre presidentperiode, som var det grunnlova maksimalt tillet.

I mars 2020 blei det halde ei folkeavrøysting om grunnlovsendringar der endring av presidentperioden frå fem til seks år var blant forslaga, saman med nullstilling av avgrensinga på to samanhengjande presidentperiodar. 89,76 prosent av veljarane støtta grunnlovsendringane. Opposisjonen boikotta folkeavrøystinga. Det blei halde presidentval 18. oktober 2020, der Condé stilte på nytt. Han vann valet med 59,5 prosent av røystene og fekk dimed ein tredje presidentperiode. Motkandidaten Cellou Dalein Diallo, som fekk 33,5 prosent av røystene, hevda valet var prega av valfusk. Det var uro med tap av menneskeliv i samband med presidentvalet.

Den 5. september 2021 gjennomførte militæret eit statskupp mot styresmaktene i Guinea. Båe president Condé og statsminister blei avsette. Condé blei også fengsla. Leiaren for kuppet, oberstløytnant Mamady Doumbouya, blei tatt i eid som fungerande president 1. oktober 2021.

Den 9. desember 2022 publiserte det amerikanske finansdepartementet ei liste over meir enn førti personar som er målretta for sanksjonar for korrupsjonshandlingar og brot på menneskerettane, blant dei Alpha Condé.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alpha Condé» frå , den 9. oktober 2024.

Kategori:Guineanske presidentar Kategori:Leiarar for Den afrikanske unionen