Kriksholmen, Krigsholmen eller Kristofferholmen er ei øy i Herøy kommune i Møre og Romsdal, mellom Gurskøya og Hareidlandet. Holmen er veglaus og utan fast busetjing.

Kriksholmen var busett på midten av 1600-talet, men folketom då det vart opna ein handelsstad der på midten av 1700-talet. Ved folketeljinga i 1800 budde fem personar på holmen.Folketeljing 1800 for Herøy herred, frå Digitalarkivet Han vart fråflytta på 1820-talet.

Sidan 1988 har holmen vore del av Stokksund-Blikkvågane dyrefredningsområde.

Kjelder

Bjarne Rabben, Herøyboka. Gardar og folk III, Herøy sogelag, 1963

Kategori:Øyar i Herøy i Møre og Romsdal