Storøya er ei øy i Herøy kommune i Møre og Romsdal, på austsida av Gurskøya. Øya er veglaus og utan fast busetnad. Den austlegaste delen, som heng saman med resten av øya ved eit smalt eid, vert kalla Kvitøya eller Bentholmen.

Storøya vart busett midt på 1600-talet og fråflytta på 1950-talet. Sidan 1988 har ho vore del av Stokksund-Blikkvågane dyrefredningsområde.

Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Herøy prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Herøy herred, frå Digitalarkivet 2000 7 15 0

Kjelder

Bjarne Rabben, Herøyboka. Gardar og folk III, Herøy sogelag, 1963

Kategori:Øyar i Herøy i Møre og Romsdal