høgre|mini|300x300pk|Islands and major straits of the northern Pacific Northwest Coast Chichagof Island er den nest største øya i Alexanderarkipelet i den amerikanske delstaten Alaska. Øya har ei overflate på 5 305 km² og er den femte største øya i USA. Ved folketeljinga i 2000 hadde øya 1 342 innbyggjarar. Øya ligg nord for Baranof Island. Desse er begge del av ABC-øyane.
På Chichagof Island finst det fire busetnader, nemleg Hoonah, Pelican, Tenakee Springs og Elfin Cove. Alle ligg på den nordre delen av øya. Den sørlege delen av øya har berre åtte innbyggjarar, desse tilhøyrer folketeljingsområdet til byen Sitka. Økonomien på øy er basert på jakt, fiske og tømmerhogst.
Øya har namn etter admiral Vasilij Tsjitsjagov (engelsk transkripsjon Chichagov), ein russisk utforskar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Chichagof Island» frå , den 23. oktober 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Øyar i Alaska