Geitøya er ei øy i Averøy kommune, vest for Averøya. Atlanterhavsvegen går over øya og gir ho vegsamband via Eldhusøya vestover til fastlandet og austover over Storlauvøya til Averøya. Ho utgjer ein eigen matrikkelgard.

På Geitøya finst det bubilparkering, ein universelt tilrettelagt «fiskesti» og båtsamband til Håholmen. Øya er utan fast busetjing.

Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Kvernes prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Kornstad herred, frå Digitalarkivet 9 11

Geitøya var del av Kvernes kommune fram til 1897, så Kornstad kommune fram til 1964 då Averøy kommune vart oppretta.

Kjelder

Kategori:Øyar i Averøy