mini|Russiske pirogar mini|Pirogar fylt med farse, ris, sopp og lauk. Pirog er ein type fylt bakverk som finst i fleire matkulturar."pirog". NE.se. Vitja 27. januar 2015. Deigen kan vera laga av alt frå potet, mjøl eller mais og fyllet kan bestå av til dømes farse, ris eller grønsaker. Pirogar kan òg lagast som dessertrettar, fylte med bær eller frukt, til dømes blåbærpirog.
Ordsoge Ordet «pirog» kjem frå russisk пиро́г (pirog). Det russiske ordet tyder eigentleg ‘pai’ (vanlegvis stor som ein tallerken), og dei mindre bakverka som på norsk blir kalla «pirog» (stor som eit smørbrød) heiter på russisk пирожо́к (pirozjok), eit diminutiv av пиро́г, altså ein liten pai. Det finske ordet har halde på tydinga til det russiske ordet som eit generelt ord for pai.
Pirogar over heile verda Pirogar finst i mange land; hovudsakleg i Russland, der det er ein nasjonalrett. Dei finst i mellom anna Finland, der karelske pirogar er eit vanleg innslag i husmannskosten. I Ukraina finst det mange ulike typar pirogar. Pirogane kan vera fylte med kjøtt, sopp, kål eller ostemasse. Polske pirogar er kokte, det same er dei fleste kinesiske.
I svensk mattrasdisjon er kroppkakor og pitepalt nært i slekt med pirogar.Bra Böckers lexikon, 1978. I Sverige blei matretten popularisert då produsenten Dafgårds i 1989, under perestrojkaen, lanserte den djupfrosne pirogen Gorby's, oppkalla etter Mikhail Gorbatsjov.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pirog» frå , den 31. oktober 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kjøtretter Kategori:Paiar Kategori:Kinesisk mat Kategori:Russisk mat Kategori:Finsk mat Kategori:Polsk mat Kategori:Ukrainsk mat Kategori:Russiske ord og uttrykk