The Dark Side of the Moon er det åttande studioalbumet til den engelske rockegruppa Pink Floyd, gjeve ut 1. mars 1973 på Harvest Records. Det vart hovudsakleg utvikla under konsertframføringar og bandet hadde première på ei tidleg utgåve fleire månader før innspelingane av albumet byrja. Nytt materiale vart spelt inn i løpet av to periodar i 1972 og 1973 i Abbey Road Studios i London.
Plata byggjer på idear som vart utforska på tidlegare innspelingar og framføringar av Pink Floyd, men hadde ikkje med dei lange instrumentalane som karakteriserte dei tidlegare albuma deira. Det er eit konseptalbum som utforskar konflikt, grådigskap, tid, død og galskap. Sistnemnde var dels inspirert av helsa til det opphavlege medlemmet Syd Barrett, som slutta i gruppa i 1968. Gruppa bukte avanserte innspelingsteknikkar for si tid, inkludert fleirsporsinnspeling, lydbandsløyfer og analoge synthesizerar. Det vart òg nytta klipp frå intervju med scenemannskapet til bandet, i tillegg til filosofiske sitat. Lydteknikaren Alan Parsons var ansvarleg for mange av del lydmessige aspekta og henta inn songaren Clare Torry, som syng på «The Great Gig in the Sky». Det ikoniske omslaget, som syner eit prismespektrum, var designa av Storm Thorgerson, etter at klaverspelaren Richard Wright føreslo «noko enkelt og tydeleg» som representerte lysshowet til bandet og temaet på plata. Det vart gjeve ut to singlar frå albumet: «Money» og «Us and Them».
The Dark Side of the Moon fekk god kritikk då det kom og har sidan blitt hylla av kritikarar som eit av dei beste albuma gjennom tidene. Albumet gjekk til topps på den amerikanske Billboard Top LPs & Tape-lista (i dag kjend som Billboard 200), og har lege over 900 veker total på lista. Med eit estimert salstal på over 45 millionar eksemplar, er dette det bestseljande albumet til Pink Floyd og eit av dei bestseljande albuma gjennom tidene. Albumet vart det store internasjonale gjennombrotet til Pink Floyd og gjorde dei fire medlemmane til kjendisar og førte med seg stor velstand. Plata har blitt ommastra og gjeve ut fleire gonger.
Bakgrunn Etter Meddle kom ut i 1971, drog Pink Floyd på turné i Storbritannia, Japan og USA i desember det året. I eit bandmøte heime hos trommeslagaren Nick Mason i Camden, føreslo bassisten Roger Waters at dei kunne skape eit nytt album under turneen. Ideen til Waters var at albumet skulle handle om saker som «gjorde folk galne», og fokusere på det strevsame bandet opplevde i den krevjande livsstilen sin og handsame dei tilsynelatande psykiske problema som det tidlegare medlemmet Syd Barrett sleit med. Bandet hadde utforska ein liknande idé med songsyklusane The Man og The Journey. I eit intervju for Rolling Stone sa gitaristen David Gilmour: «Eg trur me alle tenkte - og Roger definitivt tenkte - at mange av tekstane våre var litt for indirekte. Det var definitivt ei kjensle om at tekstane skulle bli særs tydelege og spesifikke.»
Generelt var alle dei fire medlemmane samde om at albumkonseptet til Waters om eit enkelt tema var ein god idé. Waters, Gilmour, Mason og klaverspelaren Richard Wright deltok alle i låtskrivinga og var alle produsentar på innspelingane. Waters skapte nokre tidlege demoversjonar heime i Islington i eit lite studio han hadde bygd i eit hageskur. Delar av det nye albumet var basert på tidlegare materiale dei ikkje hadde nytta. Opningslinja i «Breathe» kom frå ein tidlegare song av Waters og Ron Geesin, skriven for filmmusikken til The Body, og hovudstrukturen på «Us and Them» kom frå ein original komposisjon av Wright for Zabriskie Point. Bandet øvde i eit lager i London eigd av The Rolling Stones, og så i Rainbow Theatre i Finsbury Park i London. Dei kjøpte òg ekstra utstyr, mellom anna høgtalaranlegg, ein 28-spors miksepult med fire kanalars kvadrofonisk lyd og ein spesialbygd lysrigg. Ni tonn med utstyr vart transportert i tre lastebilar. Dette var førte gongen bandet hadde teke eit heilt album med seg på turné. Albumet fekk den provisoriske tittelen Dark Side of the Moon (som viste til galskap, og ikkje astronomi). Men etter å ha oppdaga at tittelen alt var teken i bruk av eit anna band, Medicine Head, vart tittelen mellombels endra til Eclipse. Det nye materiale hadde première i The Dome i Brighton, 20. januar 1972, og etter at Medicine Head-album selde dårleg, vart albumtittelen endra attende til det originale forslaget.
mini|right|alt=Photograph|Rainbow Theatre i London, der The Dark Side of the Moon vart framført for pressa i 1972. Dark Side of the Moon: A Piece for Assorted Lunatics, som det då vart kalla, vart framført for eit samla pressekorps den 17. februar 1972 – meir enn eitt år før det kom ut - på Rainbow Theatre, og fekk god kritikk. Michael Wale i The Times skreiv at stykket «gav meg tårer i augo. Det var så fullstendig forståeleg og musikalsk spørjande.» Derek Jewell i The Sunday Times skreiv «Ambisjonane til dei kunstnariske intensjonane til Floyd er no enorme.» Melody Maker var mindre entusiastisk: «Musikalsk var der nokre gode idear, men lydeffektane fekk meg stundom til å lure på om eg var i eit fuglebur i dyrehagen i London.» Den følgjande turneen fekk mykje god omtale. Det nye materialet vart framført i same rekkjefølgje som det kom til å bli på albumet. Skilnadane var mangel på synthesizer på spor som «On the Run», og Bibel-vers vart erstatta av vokalen til Clare Torry på «The Great Gig in the Sky».
Den lange turneen gjennom Europa og Nord-Amerika gav Pink Floyd høve til å stadig gjere forbetringar på songane. Arbeidet på albumet vart lagt på is seint i februar då bandet reiste til Frankrike og spelte inn musikk for filmen til den franske regissøren Barbet Schroeder, La Vallée. Dei spelte så i Japan og drog attende til Frankrike i mars for å fullføre filmmusikken. Etter ei rekkje konsertar i Nord-Amerika flydde bandet til London for å byrje innspelinga, frå 24. mai til 25. juni. Fleire konsertar i Europa og Nord-Amerika følgde før bandet drog attende i studio 9. januar 1973 for å fullføre albumet.
Konsept The Dark Side of the Moon bygde på eksperiment Pink Floyd hadde testa ut på tidlegare konsertar og innspelingar, men mangla dei lange instrumentalane, som i følgje kritikaren David Fricke hadde blitt karakteristisk for bandet etter at Syd Barrett slutta i 1968. Gilmour, erstattaren til Barrett, omtalte seinare desse instrumentalane som «dei psykedelisk improviserte greiene», og Waters omtalte Meddle frå 1971 som vendepunktet mot det som vart realisert på albumet. Tekstane på The Dark Side of the Moon omhandlar konflikt, grådighet, tida som går, død og galskap. Sistnemnde var dels inspirert av den stadig verre mentale tilstanden til Barrett. Fleire spor på albumet har element av musique concrète.
Kvar side av albumet er eit kontinuerleg stykke musikk. Dei fem spora på kvar side reflekterer forskjellige stadium i livet til menneske og byrjar og sluttar med ein hjarterytme, utforskar det karakteristiske ved å vere eit menneske, og (i følgje Waters) «empati». «Speak to Me» og «Breathe» understrekar i lag dei kvardagslege og nyttelause elementa i livet som følgjer den evigvarande trugselen om galskap, og tydinga av å leve sitt eige liv – «Don't be afraid to care». Ved å flytte miljøet til ein flyplass skapar den synthesizer-drivne, instrumentale «On the Run» stresset og angsten ein kjenner på når ein reiser, særskild Wright sin flyskrekk. «Time» utforskar korleis livet raskt kan gå for fort og vere over før ein er klar over det, og bruker alarmklokker i starten for vekke lyttaren. Denne vert følgd av å trekkje seg attende i einsemd i «Breathe (Reprise)». Den første sida endar med Wright og vokalisten Clare Torry sin sjelfulle dødsmetafor, «The Great Gig in the Sky», som hadde arbeidstittelen «The Mortality Sequence».
Andre sida opnar med lyden av eit kasseapparat og myntar i «Money», og gjer narr av grådigskap og erklærer at det er «rota til all vondskap» i dag. «Money» vart den mest suksessrike songen på albumet salsmessig sett og er blitt spelt av mange andre artistar. «Us and Them» omhandlar konfliktar mellom personar, galskapen med krig og framandhat. Meininga i «Any Colour You Like», som er ein instrumental, er noko uklår, men ein meiner at han representerer frykta for å ta avgjersler. Songtittelen kom som følgje av svaret ein av lydteknikarane ofte gav til bandet når han blei bedt om noko: «Du kan få det i kva farge du vil», som er ein referanse til Henry Ford si skildring av Model T-bilen: «Du kan få han i kva farge du vil, så lenge han er svart». «Brain Damage» ser på ei psykisk liding som følgje av behovet for ry og og suksess over behovet for å ta vare på seg sjølv. Særleg linja «and if the band you're in starts playing different tunes» syner til nervesamanbrotet til den tidlegare kollegaen Syd Barrett. Albumet endar med «Eclipse», som skildrar den verkelege essensen i mennesket gjennom kva innverknad ein har hatt på kvarandre.
Innspeling mini|Abbey Road Studios Albumet vart innspelt i Abbey Road Studios i to periodar, mellom mai 1972 og januar 1973. Bandet fekk med seg lydteknikaren Alan Parsons, som var tilsett i Abbey Road, og hadde vore assisterande lydbandoperatør på Atom Heart Mother, og som hadde fått erfaring som lydteknikar på The Beatles-albumet Abbey Road og Let It Be. Innspelinga brukte somme av dei mest avanserte studioteknikkane som var å oppdrive på den tida. Studioet kunne handsame 16-sporsmiksar, som gav dei større fridom og fleksibilitet enn dei gamle 8- og 4-sporsmiksane dei tidlegare hadde brukt, sjølv om bandet ofte brukte så mange spor at dei måtte bruke andregenerasjonskopiar.
Frå 1. juni var «Us and Them» det første sporet som vart spelt inn, etterfølgd av «Money» seks dagar seinare. Waters hadde skapt lydbandsløyfer med myntar som han t.d. hadde kasta i ein keramikkbolle frå kermaikkverkstaden til kona. Desse effektane vart seinare spelt inn på nytt for å kunne lage ein kvadrofonisk miks av albumet (Parsons har sidan vore misnøgd med denne miksen, sidan dei mangla tid og hadde for få tilgjengeleg spor på lydbandopptakaren). «Time» og «The Great Gig in the Sky» var dei neste som vart spelte inn, etter ein to månader lang pause, der bandet var med familiane sine og førebudde ein komande turné til USA. Innspelingane vart ofte forstyrra. Waters, som var fan av Arsenal F.C., drog ofte for å sjå laget sitt spele, og bandet stoppa stundom for å sjå på Monty Python's Flying Circus på fjernsyn, medan Parsons arbeidde på materialet dei hadde spelt inn til då. Gilmour har sidan sagt at dette var feil og sa i eit intervju i 2003: «Me såg stundom på dei, men var me i gang og hadde flyten så fortsette me.»
mini|upright|EMS VCS 3 (Putney) synthesizer Då dei kom attende frå USA i januar 1973, spelte dei inn «Brain Damage», «Eclipse», «Any Colour You Like» og «On the Run», medan dei fininnstilte arbeidet dei hadde gjort året før. Fire kvinnelege koristar vart henta inn for å syngje på «Brain Damage», «Eclipse» og «Time», og saksofonisten Dick Parry vart hyrt til å spele på «Us and Them» og «Money». Regissøren Adrian Maben var i studio for å filme bandet for Pink Floyd: Live at Pompeii. Då innspelinga var fullført, la bandet ut på turné i Europa.
Instrumentering Albumet opnar med taktfaste lydeffektar på «Speak to Me», og dei brukte lydbandsløyfer i opninga på «Money». Mason skapte ein uferdig versjon av «Speak to Me» heime hos seg sjølv, før han gjorde det ferdig i studio. Sporet fungerer som ein overture og kryssfader forskjellige element av andre songar på albumet. Ein pianoakkord, spelt baklengs, er med på å byggje opp effektane, som går rett over i «Breathe». Mason står, for ein sjeldan gang, som einaste komponist på «Speak to Me».