Lilly Reich () var ein tysk formgjevar innan modernismen.
Liv og virke Reich var fødd i Berlin, og byrja karrieren sin i tekstilindustrien. I 1908 flytta ho til Wien, der ho møtte møbeldesignaren Josef Hoffmann og dei starta eit samarbeid. I 1914 starta ho sitt eige designstudio og i 1920 blei ho, som fyrste kvinne, utnemnd til president i kunsthandverkarsamkipnaden Deutscher Werkbund. I samband med denne oppdraget møtte Reich arkitekten Ludwig Mies van der Rohe. Dei innleidde eit forhold, og byrja samstundes eit samarbeid før verdsutstillinga i Barcelona i 1929. Saman designa dei innreiinga til den tyske paviljongen, og året etter interiøret til Villa Tugendhat (som Mies sjølv hadde teikna). I samband med desse prosjekta blei designklassikarar som Barcelona-stolen, Brnostolen og Tugendhatstolen utvikla.
mini|venstre|Interiør frå Villa Tugendhat.
I 1938 utvandra Mies til USA, medan Reich valde å bli verande i Tyskland. Der heldt ho fram med å verka fram til ho døydde i 1947.
Lilly Reich er representert i samlingane til Museum of Modern Arts.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lilly Reich» frå , den 10. november 2024.
Kategori:Tyske designarar Kategori:Folk frå Berlin