Oterholman er ei øy i Smøla kommune på Nordmøre, søraust for øya Smøla. Holmen har ikkje fast busetjing. Han utgjer ein eigen matrikkelgard.
Det er først nemnt busetjing på Oterholman i 1731. Det vart etter kvart oppretta ein handelsstad og gjestgjevarstad her. Handelsstaden vart lagt ned i 1900. Holmen vart fråflytta i 1951.
Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Edøy prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Edøy herred, frå Digitalarkivet 2000 8 7 0
Oterholman var del av Edøy kommune fram til 1960.
Kjelder
Aashild Berg, Smøla bygdebok, bind II, Smøla kulturstyre
Kategori:Øyar i Smøla