Spilvalen er ei øy og eit gardsbruk i Smøla kommune på Nordmøre, sørvest for hovudøya Smøla. Husa står på ei lita øy mellom Spilvaløya i vest og Valøya i aust. Det bur ikkje folk her.
I 1873 vart det oppretta eit fiskevær her, men det var berre busett i fiskesesongen. I 1885 var det 20 båtar som dreiv fiske herfrå. Spilvalen fekk fast busetjing i 1899. Ved folketeljinga i 1900 budde det 14 personar her.Folketeljing 1900 for Edøy herred, frå Digitalarkivet Det vart fråflytta på slutten av 1950-talet.
Spilvalen var del av Edøy kommune fram til 1915 og så Brattvær kommune fram til opprettinga av Smøla kommune i 1960.
Kjelder
Aashild Berg, Smøla bygdebok, bind III, Smøla kulturstyre, 1989
Kategori:Øyar i Smøla