Jørn Didriksen () er ein tidlegare skeiseløpar og forfattar frå Jevnaker. Han vann OL-sølv på 1000 meter i 1976.
Idrett Didriksen spesialiserte seg på sprintdistansane. Vinteren 1975 vart han noregsmeister i sprint-firkamp. Under Skeise-VM 1975 i sprint-firkamp kom han på fjerdeplass, slått av tre karar frå Sovjetunionen. Under dei olympiske vinterleikane 1976 i Innsbruck overraska han med å vinne sølvmedaljen på 1000 meter, einast Peter Mueller frå USA gjekk fortare. Didriksen, som var medlem i Oslo Idrettslag, representerte Noreg i sprint-VM 1976 og 1977, enda på høvesvis sjette- og tiandeplass.
Personbeste Distanse Tid Dato Stad Bane 500 m 38,7 11. januar 1977 Hamar Hamar stadion 1 000 m 1.17,34 20. mars 1977 Alma-Ata Medeo 1 500 m 2.05,8 4. februar 1977 Oslo Jordal idrettsplass
Litteratur Tida 2007-22 gav Didriksen ut sju kriminalromanar på Kolofon forlag.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jørn Didriksen» frå , den 16. november 2024.
lokalhistoriewiki
Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Folk frå Jevnaker