English Opera Group var eit lite selskap av britiske musikarar som blei grunnlagt i 1947 av komponisten Benjamin Britten (saman med John Piper, Eric Crozier og Anne Wood) for å presentera operaverka av han sjølv og andre, hovudsakleg britiske, komponistar. Gruppa blei seinare utvida til å presentera større verk, og blei omdøypt til English Music Theatre Company. Selskapet sette opp den siste operaen sin og avslutta drifta i 1980.

English Opera Group I slutten av 1945 forlet Britten og fleire andre intrigane ved Sadler's Wells Opera. Komponisten og songarane Joan Cross, Anne Wood og Peter Pears slo seg saman med designeren Piper og produsenten Crozier for å skipa English Opera Group.Gilbert, p. 107 Målet med det nye selskapet var å setja opp urframføringar av Britten sine operaer, og å presentera andre, hovudsakleg britiske, småskalaoperaer.Rosenthal, Harold. English Opera Group in Sadie, vol. 2, p. 52 Det fyrste prosjektet til selskapet var å framføra Britten sin kammeropera Albert Herring og gje framføringar av operaen hans The Rape of Lucretia under ein turné i Storbritannia og på Kontinentet. Det tinga og urframførte òg eit nytt stykke av Lennox Berkeley, eit arrangement av Stabat Mater. Trass store statlege tilskot kunne ikkje gruppa dekka alle kostnadene kring turnéen, og Britten og dei andre leiarane av gruppa bestemte seg for at ho skulle få ein eigen heimescene. Dette var hovudgrunnen til innviinga av Aldeburgh Festival i 1948.Rosenthal, Harold. English Opera Group in Sadie, vol. 2, p. 52Britten-Pears Foundation. The English Opera Group and English Music Theatre Company archive. Accessed 9 June 2011

Den første operaen tinga av gruppa, The Sleeping Children av Brian Easdale, hadde premiere i 1951.'Brian Easdale', Jennifervyvyan.org Gruppa gav den nordamerikanske urframføringa av Britten sitt verk The Turn of the Screw ved Stratford Festival i Canada i 1957.J. Alan B. Somerset. 1991. The Stratford Festival Story, 1st edition. Greenwood Press. I tillegg til andre nye verk av Britten, tinga og produserte gruppa elleve andre nye operaer av britiske komponistar. Ho heldt òg den britiske premieren på Francis Poulenc sin opera Les mamelles de Tirésias i 1958. Gruppa framførte òg eldre operaar, som Acis and Galatea, The Beggar's Opera, Idomeneo, Iolanta, La rondine og Trial by Jury, i tillegg til verk av Henry Purcell og Gustav Holst.Rosenthal, Harold. English Opera Group in Sadie, vol. 2, p. 52

Royal Opera i London tok over leiinga i 1961. I 1971 blei Steuart Bedford utnemnd til musikkdirektør, og Colin Graham blei direktør for produksjonane.Britten-Pears Foundation. The English Opera Group and English Music Theatre Company archive. Accessed 9 June 2011

English Music Theatre Company I 1975 blei gruppa utvida så ho kunne produsere større verk, som operettar og musikalar, i tillegg til opera. I tillegg til å vera med på festivalar som Aldeburgh, tok selskapet til å halda regionale turnéar og årlege framføringssongar på Sadler's Wells Theatre i London. Grunnleggaren og leiaren for selskapet var Colin Graham. Ein av produksjonane deira i 1976 var The Threepenny Opera av Kurt Weill, dirigert av ein ung Simon Rattle.In the same season the company also presented Paul Bunyan, The Turn of the Screw, Cinderella and La finta giardiniera (under the title of Sandrina's Secret), all conducted by Steuart Bedford. See "London Diary for October", The Musical Times, September 1976, p. 792. . Etter ein siste produksjon av A Midsummer Night's Dream av Britten i 1980 blei selskapet oppløyst.Britten-Pears Foundation. The English Opera Group and English Music Theatre Company archive. Vitja 9. juni 2011

Operaer uframførte av selskapet (av andre enn Britten)

År Opera Komponist 1951   The Sleeping Children   Brian Easdale 1954 A Dinner Engagement Lennox Berkeley 1956 Ruth Lennox Berkeley 1964 English Eccentrics Malcolm Williamson 1967 The Bear William Walton Castaway Lennox Berkeley

År Opera Komponist 1968 Punch and Judy Harrison Birtwistle 1969 Purgatory Gordon Crosse (skriven 1966) The Grace of Todd Gordon Crosse 1972 The Visitors John Gardner 1974 The Voice of Ariadne Thea Musgrave

English Music Theatre Company ÅraOperaKomponist1976  Tom JonesStephen Oliver1978La CubanaHans Werner Henze (skriven i 1973) TransformationsConrad Susa1979An Actor's Revenge Minoru Miki Kjelder

Denne artikkelen bygger på «English Opera Group» frå , den 26. november 2024. oppgav desse kjeldene:

Matthews, David (2003). Britten. Haus Publishing. ISBN 1-904341-21-7

Seymour, Claire (2007). The Operas of Benjamin Britten: Expression and Evasion. Boydell Press. ISBN 1-84383-314-X White, Eric Walter (1983). Benjamin Britten, His Life and Operas. University of California Press. ISBN 0-520-04894-6

Kategori:Musikkgrupper oppløyste i 1980 Kategori:Skipingar i 1947 Kategori:Britiske musikkgrupper Kategori:Benjamin Britten