Sicalis er ei slekt av sporvefuglar i tanagarfamilien Thraupidae som samlar tretten artar heimehørande i tropisk Amerika (neotropane). Dei har utbreiing i alle land i Sør-Amerika, frå La Guajira-departementet lengst nord i Colombia sørover til Eldlandet, sørlege Patagonia i Argentina og Chile. Ein art, solbuksporv, har også svært fragmenterte populasjonar frå det sørlege Mexico gjennom Sentral-Amerika til Colombia.

Etymologi Det feminine slektsnamnet Sicalis kjem frå gresk σικαλίς/sikalis - ein liten fugl med svart hovud, nemnt av Aristoteles og andre. Arten er ikkje identifisert, men var truleg eigentleg ein som i dag klassifisert som Sylvia-songar.

Kjenneteikn Fuglane i denne slekta er små tanagarar som måler mellom 10 og 15 cm i lengd. Dei er overvegande gule og svært synlege i opne landskap, med størst artsrikdom i Andesfjella, men fleire artar finst også i lågareliggande område. Gult dominerer i fjørdraktene, der svovelhakesporv er eit unnatak. Nebbet er konisk, finkeliknande, nebbryggen lett bøygd og halefjørene er spisse. Dei fleste artane lever i flokk utanom hekketida og byggjer reir i hòl, stundom i halvkolloniale grupper. Variasjonar i alder og fjørslitasje samt kjønnsrelaterte fjørdrakter kan gjere det vanskeleg å skilje mellom einskilde artar visuelt, særleg i Andesfjella. Dei opptrer likevel vanlegvis i einsarta grupper, der ein typisk vaksen fugl alltid er til stades. Ungfuglar og hoer har meir dempa fjørdrakter enn hannar.

Artsoversyn Slekt Sicalis i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Alle artane er klassifiserte som livskraftige. Bilete Vitskapleg namn Norsk artsnamn Informasjon120px Sicalis citrina Sitronsporv 11 cm, 400–2800 moh., vidaste utbreiing i Brasil, elles fragmentert i Argentina, Bolivia, Colombia, Guyana, Paraguay, Peru, Surinam og Venezuela120px Sicalis taczanowskii Svovelhakesporv 12 cm, 0-300 moh. i nordlegaste Peru, sørvestre Guayas, El Oro og Loja-provinsane i Ecuador120px Sicalis uropigyalis Gråkinnsporv 13 cm, 3300–4700 moh. i altiplano og Andes, frå Cajamarca-regionen, Peru i nord gjennom Bolivia, Chile sør til Tucumánprovinsen i Argentina120px Sicalis flaveola Safransporv 13,5–15 cm, lågtliggande frå La Guajira-departementet, Colombia til La Pampa, Argentina, også i Trinidad og Tobago120px Sicalis columbiana Gullpannesporv 11,5 cm, 0-300 moh, Llanos-Orinoco i Colombia og Venezuela, nedre Amazonaselva og cerrado i Brasil120px Sicalis luteola Solbuksporv 9,8–12,5 cm, 0-2500 moh >3300 i Andes. Colombia sør og aust til Guyana og sentrale Ecuador, Peru og Brasil. Fuglar som hekkar lenger sør i Argentina og Uruguay migrerer til Bolivia og sørlege Brasil om vinteren. Det finst også isolerte bestandar i Mellom-Amerika og sørlegaste Mexico.120px Sicalis luteocephala Sitronhovudsporv 13-14 cm, 2500 – 3500m i puna økoregion i Bolivia inn i Jujuyprovinsen i nordvestlegaste Argentina120px Sicalis lebruni Patagoniasporv 14 cm, 0-1200 moh., Argentina til Eldlandet, der også inn i Chile120px Sicalis olivascens Gusjesporv 12,5–14 cm, 1000–4500 moh, men ikkje under 2550 m i Bolivia. Lever i Peru, Bolivia, Chile og Argentina120px Sicalis mendozae Montesporv 13,5-14 cm, 900–2100 moh. i Andes og ned til 600–770 m i Sierra de las Quijadas i vestlege Argentina120px Sicalis auriventris Gyllenbuksporv 14,5-15 cm, lever 2,500–4,500 moh i Andes ned til 800 m i Patagonia. Langs Andes i Chile-Argentina80px Sicalis raimondii Perusporv 11,5 cm lever langs kysten av Peru, inn i marginalt nordlegaste Chile120px Sicalis lutea Punasporv 13,5-14 cm, 3800–4500 moh., Andes (austsida) i Peru, i Bolivia, i tørr puna i Jujuy- og Saltaprovinsen i Argentina

Kjelder

Første versjon av denne artikkelen var baset på «Sicalis» frå , den 28. november 2024 Winkler, D. W., S. M. Billerman, og I. J. Lovette (2020). Tanagers and Allies (Thraupidae), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.thraup2.01 (Krev konto)

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:tanagarfamilien Kategori:Fuglar i den neotropiske regionen Kategori:Fugleslekter