Paderno Dugnano er ein by og ein kommune i provinsen Milano i Lombardia-regionen i Italia. Kommunen har i kring 47 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 14,1 km². Paderno Dugnano ligg inntil provinshovudstaden Milano, nord for storbyen. Til sentrum av Milano er det om lag 15 kilometer.
Historie I romartida låg Paderno langs Via Mediolanum-Bellasium, romarvegen mellom Mediolanum (Milano) og Bellasium (Bellagio). Landsbyen grensa mot Cusano i sør og Dugnano i nord. I 1862 tok han det offisielle namnet «Paderno Milanese» for å skilja seg frå andre stader med same namn.Regio Decreto 14 dicembre 1862, n. 1054.
Etter sameininga av Italia blei administrative område i landet omorganisert, og etter det kongelege dekretet av 17. mars 1869 blei Paderno Milanese slått saman med Dugnano, Incirano, Cassina Amata og Palazzolo Milanese. Val av namn på den nye kommunen var vanskeleg, og diktaren Alessandro Manzoni sitt forslag «Padergnano» fekk ikkje stor støtt. che tuttavia fu poco apprezzata. I 1880 vedtok kommunerådet namnet «Borgosole», men også dette vekte misnøye, og blei avskaffa etter ein petisjon. Fyrst den 1. februar 1886, etter eit kongeleg dekret, fekk kommunen namnet «Paderno Dugnano».Regio Decreto 7 gennaio 1886, n. 3630.
Paderno Dugnano fekk status som by () i 1989. Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Paderno Dugnano» frå , den 1. desember 2024.
Delar av denne artikkelen bygger på «Paderno Dugnano» frå , den 2. desember 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Lombardia Kategori:Kommunar i Lombardia