Jon Olav Fosse () er ein norsk forfattar, dramatikar og statsstipendiat frå 2001. Han har hatt ein stor produksjon av romanar, noveller, dikt, barnebøker, essay og skodespel. Dessutan har han omsett eller skrive versjonar av ei rekkje teaterstykke. Den 5. oktober 2023 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur.

Liv og virke Bakgrunn Fosse vart fødd i Haugesund, men voks opp i Strandebarm i Kvam herad i Hardanger. Seinare flytte han til Bergen. Han vart cand. philol. i 1987 med grunnfag i sosiologi og filosofi, og hovudfag i allmenn litteraturvitskap.

Jon Fosse konverterte til katolisismen i 2013.

Forfattarskap Jon Fosse debuterte i 1983 med romanen Raudt, svart. Det første skodespelet, Og aldri skal vi skiljast, kom i 1994. Fosse skriv på nynorsk.

Utgivingane hans er omsette til fleire språk, nokre av dei til over førti. Fosse sine skodespel blir meir og meir kjende utanfor Noreg, det er til no snakk om kring åtte hundre premierar, og det har mellom anna vore framsyningar i Tyskland, Frankrike, Japan og Spania. Han er den mest spelte norske skodespelforfattaren etter Ibsen.

Jon Fosse har fått Nynorsk litteraturpris tre gonger: i 1992, i 2002 og i 2019.

I 2011 fekk Jon Fosse tildelt statens æresbustad Grotten.

I 2015 fekk han Nordisk råds litteraturpris for Andvake-trilogien.«– Ei stadfesting eg er takksam for å ha fått» i NRK Hordland.

I 2023 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur.

Verkliste Prosa

1983 - Raudt, svart 1985 - Stengd gitar 1987 - Blod. Steinen er 1989 - Naustet 1991 - Flaskesamlaren 1992 - Bly og vatn 1993 - To forteljingar 1994 - Prosa frå ein oppvekst 1995 - Melancholia I 1996 - Melancholia II 1998 - Eldre kortare prosa 2000 - Morgon og kveld 2004 - Det er Ales. Forteljing 2007 - Andvake. Forteljing 2012 - Olavs draumar. Forteljing (framhald av Andvake) 2014 - Kveldsvævd (framhald av Olavs draumar) 2015 - Levande stein Kortare prosa og ei hymne 2019 - Det andre namnet Septologien I–II. Roman 2020 - Eg er ein annan Septologien III–V. Roman 2021 - Eit nytt namn. Septologien VI-VII. Roman 2023 - Kvitleik. Forteljing 2025 - Vaim. Roman Lyrikk

1986 - Engel med vatn i augene 1990 - Hundens bevegelsar 1992 - Hund og engel 1995 - Dikt 1986–1992 1997 - Nye dikt 1991–1994 2001 - Dikt 1986–2000 2003 - Auge i vind 2013 - Stein til stein 2015 - Lysande mørker 2016 - Poesiar. Etter Henrik Wergeland

Essay

1989 - Frå telling via showing til writing 1999 - Gnostiske essay 2011 - Essay 2014 - Når ein engel går gjennom scenen og andre essay

Barnebøker

1989 - Uendeleg seint, saman med Alf-Kåre Berg 1990 - Kant, saman med Roj Friberg 1993 - Dyrehagen Hardanger 1994 - Vått og svart, saman med Akin Düzakin 1995 - Nei å nei (Hundemanuskripta; 1) 1996 - Du å du (Hundemanuskripta; 2) 1997 - Fy å fy (Hundemanuskripta; 3) 2000 - Søster 2009 - Spelejenta

Gjendiktingar og omsetjingar 2013 – Soga om Fridtjov den Frøkne (fornaldersoge) 2014 – Fridtjov & Ingebjørg (fornaldersoge) 2015 – Soga om Torstein Vikingsson (fornaldersoge) 2016 – Forvandlinga og andre forteljngar (Franz Kafka) 2016 – Dei døde (James Joyce) 2018 – Fyrste kjærleik og annan kortare prosa (Samuel Beckett) 2018 – Lenz (Georg Büchner) 2020 – Den vesle prinsen (Antoine de Saint-Exupéry) 2022 – Prosessen (Franz Kafka)

Skodespel

Urpremierar

1994 - Og aldri skal vi skiljast. Den Nationale Scene, Bergen, 1994 1995 - Namnet, Den Nationale Scene, Bergen, 1995 1996 - Nokon kjem til å komme, Det Norske Teatret, Oslo, 1996 1996 - Barnet, Nationaltheatret, Oslo, 1996 1997 - Mor og barn, Nationaltheatret, Oslo, 1997 1997 - Sonen, Nationaltheatret, Oslo, 1997 1997 - Natta syng sine songar, Rogaland Teater, Stavanger, 1997 1999 - Gitarmannen, monolog, Cinnober Teater, Göteborg, 1999 1999 - Ein sommars dag, Det Norske Teatret, Oslo, 1999 1999 - Medan lyset går ned og alt blir svart, Teater Ibsen, Skien, 1999 1999 - Draum om hausten, Nationaltheateret, Oslo, 1999 2000 - Besøk, Den Nationale Scene, Bergen, 2000 2000 - Sov du vesle barnet mitt, Theatre de Folle Pensée, Frankrike, 2000 2000 - Vinter, Rogaland Teater, Stavanger, 2000 2000 - Ettermiddag, Teaterhögskolan i Stockholm, 2000 2001 - Vakkert, Det Norske Teateret, Oslo, 2001 2001 - Dødsvariasjonar, Nationaltheateret, Oslo, 2001 2002 - Jenta i sofaen, Teaterfestivalen i Edinburgh, 2002 2002 - Lilla, The Royal National Theatre i London, 2003 2004 - Suzannah, NRK Fjernsynet, 2004 2004 - Dei døde hundane, Rogaland Teater, Stavanger, 2004 2004 - Sa ka la, Aarhus Teater, Aarhus, 2004 2005 - Varmt, Deutsches Theater, Berlin, 2005 2005 - Svevn, Nationalteatret, Oslo, 2005 2006 - Rambuku, Det Norske Teatret, Oslo, 2006 2007 - Eg er vinden, Den Nationale Scene, Bergen, 2007 2008 - Desse auga, Rogaland Teater, Stavanger, 2008 2009 - Jente i gul regnjakke, Dramaten, Stockholm, 2009 2014 - Hav, Bergen, 2014 2015 - Tre librettoar (Melancholia, Garnier-operaen, Paris, 2008; For seint, Beijing, 2013; Morgon og kveld, Royal Opera, London, 2015) 2017 - Edda, scenisk versjon, Det Norske Teatret, Oslo, 2017 2020 - Slik var det, monolog, Den Nationale Scene, Bergen, 2020

Prisar og utmerkingar

1989 - Nynorsk barnelitteraturpris for Uendeleg seint 1992 - Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond 1992 - Nynorsk litteraturpris for Bly og vatn 1994 - Samlagsprisen 1996 - Sunnmørsprisen for Melancholia I 1996 - Ibsenprisen for Namnet 1996 - Melsom-prisen for Melancholia I 1997 - Aschehougprisen 1998 - Heidersmedlem i Norsk Skuespillerforbund 1999 - Doblougprisen 1999 - Gyldendalprisen 1999 - Kåra til Årets kulturnamn av Bergens Tidende 2000 - Nestroyprisen 2000 - Heidersmedlem i litteraturselskapet Det Norske Samlaget 2000 - Nordisk dramatikarpris for Ein sommars dag 2001 - Melsom-prisen 2001 - Kulturdepartementets barnebokpris 2001 - Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Morgon og kveld 2002 - Nynorsk litteraturpris for Auge i vind 2002 - Skandinavisk Nationalteaterpris for Dødsvariasjonar 2002 - Beste utanlandske forfattar, Theater Heute, Tyskland 2003 - Norsk kulturråds ærespris 2003 - Heddaprisen: Heidersprisen 2003 - Riddar av Den franske nasjonale fortjenstordenFransk heder til Fosse, nrk.no, 9. desember 2003, besøkt 13. desember 2012. 2005] - Kommandør av St. Olavs orden 2005 - Brageprisen sin heiderspris 2006 - Anders Jahres kulturpris 2010 - Den internasjonale Ibsenprisen«– Jeg har levd et veldig merkelig liv» i NRK. 2011 - Tildelt Statens æresbustad for kunstnarar, Grotten 2012 - Målprisen 2015 - Nordisk Råds litteraturpris 2019 - Nynorsk litteraturpris for Det andre namnet 2021 - Kritikarprisen for Eit nytt namn. Septologien VI-VII 2021 - Ibsenprisen for Slik var det. 2023 - Nobelprisen i litteratur

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Forfattarside hjå Bergen Offentlige Bibliotek Informasjon frå Det Norske Samlaget

Kategori:Målfolk Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Norske nobelprisvinnarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Vinnarar av Norsk kulturråds ærespris Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Vinnarar av Nordisk råds litteraturpris Kategori:Vinnarar av Aschehougprisen Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Vinnarar av Heddaprisen Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen Kategori:Vinnarar av Nynorsk barnelitteraturpris Kategori:Vinnarar av Samlagsprisen Kategori:Folk frå Haugesund Kategori:Forfattarar frå Hordaland Kategori:Folk frå Kvam Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Vinnarar av Ibsenprisen