«11:11» (spansk uttale [ˈonθe j ˈonθe]) er ein song som blir framført av den spanske rockegruppa Megara. I februar 2024 vann låten den sanmarinske songtevlinga Una Voce per San Marino 2024 og var det sanmarinske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö.

Om songen «11:11» er skriven og produsert Roberto la Lueta Ruiz, Sara Jiménez Moral og Isra Dante Ramos Solomando. Songen var blant bidraga i songtevlinga Una Voce per San Marino 2024, i regi av den sanmarinske ålmennkringkastaren San Marino RTV. Songen var opphavleg meint til å delta i den spanske songtevlinga , men blei ikkje vald ut til å delta.

«11:11» vann finalen av Una Voce per San Marino 2024 24. februar 2024 og blei det sanmarinske bidraget i Eurovision Song Contest 2024. Låten blei gjeven ut 15. februar 2024.

«11:11» deltok i den andre semifinalen torsdag 9. mai 2024. Der enda han på 14.-plass av 16 bidrag og kvalifiserte seg ikkje til finalen laurdag 11. mai.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «11:11» frå , den 4. desember 2024.

Kategori:Sanmarinske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Spanskspråklege Eurovision Song Contest-songar