«Mon amour» (norsk omsetjing 'min kjære') er ein popballade frå 2023 med den franske songaren og låtskrivaren Slimane. Songen er komponert av artisten sjølv saman med låtskrivarane Yaacov Salah og Meïr Salah. Songen blei kommersielt gjeven ut 8. november 2023 og var det franske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.

Om sangen «Mon amour» er komponert av Slimane sjølv saman med Yaacov Salah og Meïr Salah. Slimane skreiv teksten til songen, som blei til under ein musikkturné i 2022. Songen er inspirert av opplevingane til artisten i den sveitsiske byen Genève, og Slimane har kalla songen for eit «kjærleiksbrev til europeiske hjarte».

Slimane sende «Mon amour» inn til den franske uttakinga til Eurovision Song Contest 2024, og i november 2023 kunngjorde at dei hadde vald låten til å representere Frankrike i Eurovision Song Contest 2024. Som eit av «dei fem store landa» i Eurovision Song Contest, var Frankrike direktekvalifisert til finalen laurdag 11. mai 2024. I finalen enda «Mon amour» på fjerdeplass med 445 poeng.

Listeplasseringar Liste (2023)HøgasteplasseringFrankrike (SNEP) 2 Kroatia (Billboard) 6 Global 200 (Billboard) 144 Hellas internasjonal (IFPI) 1 Irland (IRMA) 76 Latvia (LAIPA) 9 Litauen (AGATA) 8 Luxembourg (Billboard) 1 Netherlands Tip (Dutch Top 40) 23 Noreg (VG-lista) 37 Polen (Polish Streaming Top 100) 75 Spain (PROMUSICAE) 97 UK Singles Sales (OCC) 27

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mon amour» frå , den 13. desember 2024.

Kategori:Franske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-songar Kategori:Franskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar frå 2023