mini|Landsbyskiltet for Snape. Snape er ein liten landsby i det engelske grevskapet Suffolk, ved elva Alde i nærleiken av Aldeburgh. Ved folketeljinga i 2011 hadde han 611 innbyggjarar. I angelsaksisk tid blei det hauglagt eit skip her som blei grave ut på 1800-talet. Snape er no best kjent for Snape Maltings, eit tidlegare maltverk som no er omgjort til turistsenter og konserthall og som huser størstedelen av den årlege Aldeburgh-festivalen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Snape, Suffolk» frå , den 15. desember 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Landsbyar i Suffolk