Sjøoter (Lontra felina) er eit sjeldan og relativt ukjent søramerikansk pattedyr i mårfamilien (Mustelidae). Det vitskaplege namnet betyr «katteoter», og på spansk blir også sjøoteren ofte omtalt som gato marino: «marinkatt». Sjøoteren har ei fragmentert utbreiing i kyst- og strandsona frå nordlege Peru til Kapp Horn.
Skildring Sjøoteren er den minste søramerikanske otrane. Han har ei kroppslengd på rundt 53,3 til 78,7 cm, ein hale på 30 til 36 cm, og veg mellom 3,2 og 5,8 kg. Pelsen er mørkebrun på oversida, grå på nakken og halsen, og beigebrun på undersida. Dekkhårene som vernar det korte, isolerande pelslaget, har ein gråaktig tone. Pelsen er grovare og meir robust enn hos havoter (Einhydra lutris). For- og bakpotene har klør og er utstyrt med tydelege symjehud. Hovudskallen er brei og flat. Underkjeven har åtte tannpar, medan overkjeven har åtte til ni tannpar. Tennene er meir tilpassa til å kutte føde enn til å knuse han. Dei syner ikkje kjønnsdimorfisme, og hoene har fire spenar.
Utbreiing og habitat
Sjøoteren er primært utbreidd langs den sørlege stillehavskysten av Sør-Amerika, frå Chimbote (9°S) i i Ancash-regionen, Nord-Peru til Isla Grevy ved Kapp Horn (56°S) i det sørlege Chile, og strekkjer seg austover til Isla de los Estados (54°S) i Argentina. Det er ein pågåande debatt om dei nøyaktige nordlege og sørlege grensene for utbreiingsområdet.
Sjøoteren lever i fragmenterte kysthabitat, og favoriserer steinete strender med grotter samtidig som han unngår sandstrender eller steinete område utan ly. Utbreiinga er fragmentert, med hol på fleire hundre kilometer der eigna habitat er fråverande. Det er funne ein uvanleg populasjon langt inne i landet, opptil 170 km frå kysten i Arequipa-regionen, der sjøoteren har tatt i bruk ferskvasshabitat i høgder over 1700 m over havet, noko som har ført til pågåande studiar av denne unike tilpassinga.
Åtferd og levevis Akkurat som havoter lever sjøoteren ved havet. Han føretrekkjer likevel område som er verna mot bølgjene frå ope hav. Han jaktar i tong- og tareskogar i kystnære farvatn. Han er dagaktiv og lever hovudsakleg av fisk, blautdyr, krepsdyr og andre smådyr. Av og til et han også fuglar, små pattedyr eller frukt. Ved den peruanske øya Isla La Vieja fanga dei tilsynelatande humboldtdukkpetrellar. Undersøkingar ved den chilenske kysten har vist at 69,8 % av dietten består av krabbar, medan fisk (19,9 %), reker (6,4 %) og blautdyr (3,9 %) utgjer mindre andelar. Ved Valdivia et otrane 52 % krepsdyr, 40 % fisk og 8 % blautdyr. Totalt er 25 ulike dyreartar registrerte som del av kosthaldet. Under matsøk dykkar dei i 6 til 64 sekund. Små byttedyr blir ete i vatnet, medan større byte dregst opp på land. Bytet blir frakta i munnen eller på magen medan oteren sym på ryggen. Krabbar blir hovudsakleg fanga på land. I motsetning til havoteren bruker han ikkje steinar for å opne skjel eller andre hardskala dyr. På land held han seg til steinete kystområde og unngår sandstrender. Otrar er anten solitære eller dannar grupper på opptil tre individ. Det er ukjent om dei er territoriale, men kampar mellom individ er observerte.
Reproduksjon Parring skjer mellom desember og januar. Etter ein drektigheitsperiode på 60 til 65 dagar fødast to til fire ungar i januar, februar eller mars. Ungane fødast i fjellhòler som ligg over høgvassnivå og ofte har ein inngang under vasslinja. Dei blir hos mora og får omsorga til foreldra i nesten ti månader. Ungane kan observerast liggjande på magen til mora medan han sym på ryggen. Foreldra gir dei mat og lærer dei å jakte i denne perioden.
Trugsmål og vern Den kraftige nedgangen i bestanden byrja tidleg på 1900-talet, då 38 000 oterskinn vart eksporterte frå Chile mellom 1910 og 1954, til ein pris på 20 amerikanske dollar per stykke. I dag blir trua sjøoteren av overfiske av krabbar og blautdyr og dessutan vassforureining. Dei kan òg bli fanga som bifangst i fiskegarn. Dei mykje større sjøløvene (Otaria flavescens) konkurrerer med sjøoter om føda og åtakar otrane.
Sjøotrar opptrer åleine eller i små grupper på maksimalt ti individ, noko som gjer det vanskeleg å vurdere utbreiinga i enkelte regionar. I ein studie frå 2012 estimerte biologen Juan Valqui den totale bestanden langs den peruanske kysten til 800–2000 individ, fordelt over rundt 150 km kystlinje. For Chile blir det anslått at nesten 4700 km kystlinje kan vere eigna for sjøoteren. Dei siste bestandstala for populasjonstettleik er likevel over 30 år gamle, noko som gjer dataa mindre relevante for dagens status eller trendar. Det finst heller ingen populasjonsdata for dei kontinentale bestandane i Peru eller Argentina.
Kjelder
Denne artikkelen er byggjer på «Küstenotter» frå , den 19. desember 2024
Bakgrunnsstoff
Kategori:Mårdyrfamilien Kategori:Dyr i Chile Kategori:Dyr i Peru