mini|Nordportalen i Urnes stavkyrkje var vestportalen i den eldre stavkyrkja på same stad, oppført kring 1070-1080. Han vart brukt opp att då den noverande kyrkja vart oppført kring 1140. Norrøn kunst er ei samlenemning for kunstuttrykk i ulike stilartar som blei skapte i vikingtida i Noreg, Sverige, Danmark og andre område med norrøn busetjing, som Island, Færøyane, Grønland og Dei britiske øyane. Området for norrøn kunst blei gradvis utvida frå slutten av 700-talet og fram til 1100-talet. Dei bevarte kunstverka omfattar utskorne figurar i tre og stein, smykke i metall, biletteppe, og utsmykking av skip og kyrkjer. Kunsten og kunsthandverket i vikingtida bygde i stor grad på ei vidareføring av kunstuttrykket til jernalderen, til dømes dei mange dyremotiva og stiliserte figurar som er ei direkte fortsetjing av stilartar frå eldre tider. Det norrøne kunstuttrykket representerte såleis dei yngste stilperiodane av germansk dyreornamentikk. Auka kontakt med omverda medførte også inntrykk og inspirasjon frå utlandet,Graham-Campbell (1994) s. 97 til dømes kan ein finna innverknad frå insulær kunst i Storbritannia og Irland. Kontakten var også gjensidig, ettersom angelsaksiske og irske handverkarar tok inn norrøne element i kunsten sin.Paulsson, Gregor (1977): Konstens världs historia: Medeltiden, Natur och kultur. ISBN 91-27-0662-5. Side 71-72 venstre|mini|Vindfløy frå Söderala i Sverige frå byrjinga av 1000-talet. mini|Osebergskipet slik det er utstilt i Vikingskipshuset på Bygdøy utanfor Oslo. Norrøn kunst heldt lenge på eit fellesnordisk preg, trass i påverknad frå utlandet, og han heldt på mange særeigne trekk. Det gjeld såvel diktinga som bildekunsten. Sogelitteratur og skaldekunst blei halden levande til langt inn på 1200-talet, medan vikingtida ebba ut på midten av 1000-talet. Det som er bevart av dekoren på stavkyrkjene er datert til tidsrommet frå rundt 1070 til byrjinga av 1300-talet, sjølv om kyrkjene er blitt bygga om i fleire hundre år og viser skiftande stilimpulsar og byggjemotar. Den utanlandske innverknaden i epoken kom truleg av auka internasjonal kontakt. I byrjinga var det handel som førte med seg nye impulsar i form av gjenstandar og nye tankar, etter kvart også i form av busetjing i utlandet, som i Normandie og på Dei britiske øyane. I løpet av høgmellomalderen blei vesteuropeiske stilartar som den romanske langt meir dominerande då det kristne Norden fekk nærare band til resten av Europa.

Dei viktigaste kjeldene til førkristne og heidenske førestillingar og norrøn mytologi i Norden er bilde, runesteinar og skriftlege kjelder. Scener frå eldre segnkrinsar kan bli funne igjen i bildeframstillingar, og sjølv i dekor av stavkyrkjer er det funne førkristne framsyningar i bildekunsten, til dømes Sigurd Fåvnesbane, som er utskoren i relieff på ein portal frå Hylestad stavkyrkje. Studiet av bildeframstillingar har derfor ikkje berre kunsthistorisk interesse, men også religionshistorisk tyding for forståinga av norrøn mytologi.Andrén (1991) s. 19 Kunstverk kan i visse tilfelle også nyttast som historiske kjelder, mellom anna som vitnemål om etableringa av ei sentral kongemakt i det nykristne Norden.Klæsøe (1994), s. 134

Bildekunst og handverk mini|Volund smed var ein mytologisk meistersmed. Denne bildesteinen frå Gotland viser ei scene frå Volundkvadet. Nidud si dotter Bodvild er til venstre, til høgre er Volund, kledd i ørneham, som forlèt smia si. I vikingtida blei både handverkarar og kunstnarar karakteriserte med det same omgrepet, smed, norrønt smidr. Tidvis blei ordet sett saman med materialet dei arbeidde med. Ein snikkar eller treskjerar kunne derfor bli kalla for ein tresmed. Spesialiserte handverkarar som våpensmedar og skipssmedar hadde høg status i dei norrøne samfunna. Korleis smykkesmedar og andre kunsthandverkarar blei vurderte, er ikkje nøyaktig kjent, men truleg var dei ikkje mindre verdsette enn dei førstnemnde.Fortidens Jelling I eit skaldekvad, Husdråpa, blei det dikta om eit bilde på nokre kjøkkenpanel som skildra mytologiske hendingar. Det fanst også andre kvad, som Haustlong og Ragnarsdråpa, som omtalte bilde eller dekor på særskilde gjenstandar.

Kunstferdig utforma smykke i edelt metall blei nytta av dei høgare klassane for å signalisera rikdom og prestisje. Gull og sølv blei nytta til dei mest fornemme gjenstandane anten i rein form eller innleira som dekorasjon i andre materiale. Edelmetall blei importert frå andre land i Europa, anten som smykke eller som myntar, og deretter smelta om. I romersk og germansk jernalder, det som i Noreg blir kalla for merovingartida, blei det innført store mengder gull, og noko blei gjenbrukt i form av smykke og andre statussymbol.Klæsøe (1994), s. 137 Det blei også framstilt smykke av mindre edelt metall, som bronse, som deretter vart forgylt eller forsølva, slik at dei verka like gylne og staselege som gedigne gullsmykke.Graham-Campbell (1994), s. 92 I løpet av 900-talet blei det etablert spesialiserte produksjonsstader og verkstader for særleg eksklusive gjenstandar. Inntil då var dei mest kostbare og forseggjorde gjenstandane blitt importerte frå utlandet. Tidlegare hadde lokale kunsthandverkarar stort sett framstilt gjenstandar i billigare materiale og med enklare teknikkar.Skibsted Klæsøe (2002), s. 15

Kunstnarane og handverkarane i vikingtida var hovudsakleg anonyme. Dei einaste som signerte verka sine, var dei som var runeristarar. Nokre smedar brukte bumerke for å identifisera verkstaden sin, men det finst også døme på at produkt var merka med utanlandske bumerke for å auka prisen verkt, om enn ikkje nødvendigvis kvaliteten. Det verker som om ein del handverkarar var omvandrande og tilbaud sine tenester der dei var ønskte. Av denne grunnen kan det henda at ein del funn i Noreg ikkje nødvendigvis var produsert av «norske» handverkarar.Skibsted Klæsøe (2002), s. 15 mini|400x400pk|Runestein frå Ramsund i Södermanland. Bilda viser ulike scenar frå forteljinga om Sigurd Fåvnesbane, men er ikkje plasserte i kronologisk orden. Kunst i vikingtida var karakterisert av kontrast, kulør og harmonisk rørsle. Stilen var prangande, men dei beste kunstnarane utførte delelement med same omhug som heilskapen, slik at dei små detaljane til ornamentikken kunne studerast av dei som hadde sakkunnskap til å vurdera kvaliteten deira.Fortidens Jelling Frå eit kunsthistorisk perspektiv var det eit bestemt bildespråk og ein bestemd stil som gjekk igjen i heile perioden. Det same gjeld motiva; ein fann ikkje berre opp nye. Forskaren Alexandra Persch meiner at dei derfor må ha blitt framstilte av spesialistar.Persch (2005), s. 25

Bildespråket var annleis enn det som vanlegvis blir brukt i dag, i det hendingar som elles var kronologisk skilt i ei forteljing, gjerne blei gjengitt slik at dei opptredde som samtidige på bildefeltet, og dei enkelte scenene i forteljinga måtte lesast saman for å fungera som ein heilskap.Meulengracht Sørensen (2006), s. 34 Dei fleste av utsmykkingane fanst på bruksgjenstandar, og eit gjennomgåande motiv i heile perioden var stiliserte dyrefigurar, gjerne forma ut i kompliserte mønster. Dyreornamentikk har lange tradisjonar i europeisk kunst, men norrøn kunst er kjenneteikna ved ein nær samanheng mellom utsmykkinga og gjenstanden, der ornamentikken er utført som ein integrert del.Klæsøe (1994), s. 131

I dei fleste tilfelle var mønstera av abstrakt, ikkje-figurativ art, og tydinga deira er derfor vanskeleg å tolka. Preben Meulengracht Sørensen har foreslått at dei kanskje ikkje har noka anna tyding enn å fungera som rein dekor.Meulengracht Sørensen (2006), s. 36 Gregor Paulsson meiner derimot at dei stiliserte dyrehovuda og dei uklassiske kroppane deira som grip kvarandre i føtene, slik som på dei norske treutskjeringane på Osebergfunnet, tilhøyrer ei symbolverd som klargjer at ho ikkje er knytt til dei klassiske tankebygga, «men i ei nordisk, sterkt kjenslefylt og magisk verd. Ei tids- og mållaus kjensle, utanfor alle handlingsrelasjonar til det framstilte, må ha blitt vekt av dei.»Paulsson, Gregor (1977): Konstens världshistoria. Medeltiden. Natur och kultur, Stockholm. Side 74. Oversatt av Wikipedia for anledningen. Utsmykkinga med gripedyr viser som regel, til liks med dei bildea som illustrerer forteljingane, ein fastfrosen augneblink midt i ei scene, der det er opp til fantasien til den som ser å fastslå kva handlingar som deretter blir utførte, til dømes av eit rovdyr eller fabeldyr som er ved å kasta seg over eit anna dyr.Klæsøe (1994), s. 132 Plantemotiv fekk ei oppblomstring i første halvdel av vikingtida, men forsvann deretter igjen rundt år 1000.Klæsøe (1994), s. 132

Diktarkunst mini|På Røksteinen i Östergötland er det rissa eit eddadikt, men betydninga av diktet er usikker, då me ikkje kjenner til dei forteljingane som det viser til. Den norrøne litteraturen var i byrjinga overlevert munnleg, sjølv om det eksisterte ein skriftkultur. Runene eigna seg ikkje til nedskriving av lange tekstar. Skriftkultur var likevel ikkje ukjend, då han fanst i fleire av nabolanda. Preben Meulengracht Sørensen meiner at runemonumenta frå vikingtida kan tolkast som ein byrjande skriftkultur i seg sjølv, men årsaka til at skrift i moderne forstand oppstod i Norden fyrst etter religionsskiftet, var at det ganske enkelt ikkje var behov for det tidlegare.

Dikting hadde ein viktig posisjon i norrøn kultur, og dyktige skaldar hadde høg status i samfunnet. Dei var autoritetar i det som ikkje berre hadde med språk og kommunikasjon å gjera, men var bindeleddet til korleis hendingar frå fortida skulle hugsast og framstillat på rett måte. I heile perioden var det ein nær samanheng mellom dikting og bilde; skaldediktningen utgjorde med det kunstferdige og formalistiske uttrykket sitt, der åleine form kunne gje ei strofe innhald, eit språkleg sidestykke til den slyngde bildestilen i tida. Diktinga hadde strenge konvensjonar, men leverte likevel nyvinningar for den dyktige diktaren.Meulengracht Sørensen (2006), s. 39

Mytar blei også gjenfortalde i poesi og skaldekunst, men her blei det brukt ei langt meir enkel og tradisjonell diktform, som i dag blir kalla eddadikt. I desse dikta låg vekta på enkelheit og formidling av kollektiv kunnskap. I motsetnad til skaldedikta blei dei ikkje tilskrivne ein opphavleg forfattar, men blei oppfatta som å ha oppstått ein gong i fjern fortid. Meulengracht Sørensen meiner at sjangrane og metrikken som karakteriserte eddaforma blei utvikla på 800-talet, og at dikta som er overleverte til i dag truleg blei til i same tidsrom.

Litteratur venstre|mini|Hyrrokin frå Hunnestadsmonumentet i Skåne. mini|Detalj frå ein steinkross frå Gosforth i England. Nedst er det framstilt to menn som fiskar, noko som truleg førestiller Tor på jakt etter Midgardsormen. Øvst er det eit bunde villdyr, kanskje Fenrisulven. I den norrøne kulturen var det nært samband mellom visuell og munnleg kunst. bilde hogde i stein, skore i tre, vovne på teppe eller måla på tre og andre materiale har fungert som inspirasjon for diktarar og myteforteljarar. Dei brukte kunstverka som referansepunkt og dikta vidare på bilde der dei sentrale scenene til mytane var gjengitt.Meulengracht Sørensen (2006), s. 30-36 Historia om toreguden Tor og Midgardsormen har vorte bevart i heile fem ulike skaldedikt, i eddadiktet Hymeskvida (Hymiskviða) og i Den yngre Edda, men også frå fleire bildesteinar der Tor har ormen på kroken, samtidig som han løftar armen med hammaren.Meulengracht Sørensen (2006), s. 30-36 Ein steinkross frå Kirk Andreas på øya Man i Irskesjøen er eit anna døme på mytologiske bilde. Her er det hogge ut ei scene frå Voluspå som vitnar om kaos og øydelegging i referanse til døden. Ein annan steinkross frå same stad har motiv frå den førkristne segna om Sigurd Fåvnesbane.