Ballestasøyane er ei øygruppe nord for Paracashalvøya i Peru. Dette er i Piscoprovinsen i Ica-regionen. Øygruppa består av steinformasjonar som gjev plass til eit viktig og rikt marint dyre- og fugleliv, hovudsakleg øyreselar, suler, pelikanar og skarvar. Dei tre hovudøyane er Ballestas Norte, Centro og Sur, kvar med eit estimert flatemål på 0,12 km².
Ballestasøyane ligg 8 km nord for nordsida av Paracashalvøya og ca. 18 km i luftlinje vest for byen Pisco.
Desse øyane er hovudsakleg samansette av fjellformasjonar med berre mindre teikn til vegetasjon.
Øygruppa har habitat til dei tre artane rekna som dei primære guanofuglane. Dette er guanoskarv (Leucocarbo bougainvillii), humboldtsule (Sula variegata) og humboldtpelikan (Pelecanus thagus). Andre talrike artar er humboldtpingvin (Spheniscus humboldti), inkaterne (Larosterna inca) og blåfotsule (Sula nebouxii).
To store pattedyr held til på øyane, det er søramerikansk pelssel og sjøløve.
Det er ferdsleforbod på øyane for å unngå å uroe dyrelivet, men båtar kan røre seg nær land.
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Øyar i Peru