Katrine Lunde () er ei norsk handballmålvakt frå Kristiansand. Ho har vunne fleire gull i OL, VM europameisterskap i handball med Noreg. Sidan 2017 vaktar ho målet for IK Våg/Vipers frå heimbyen, eit lag ho spelte på også i tida 1997-2004. Ho har to gongar vunne EHF-meisterligaen for Viborg HK,g ein gong for Győri ETO og to gongar med Våg/Vipers. Lunde har ved utgangen av 2022 delteke i 339 landskampar for Noreg, fleire enn nokon annan spelar. Også tvillingsystera Kristine Lunde var norsk landslagsspelar i handball.

Karriere Klubbspel Lunde melde overgang frå Kristiansand IF til IK Våg sommaren 1997. Periodane 2004-07 og 2017-10 vakta ho målet for høvesvis Aalborg DH og Viborg HK i Danmark. Frå 2010 til -15 spelte ho på det ungarske topplaget Győri ETO, deretter gjorde ho teneste i Rostov-Don i den russiske toppserien i to sesongar. Sidan 2017 har ho atter vore målvakt i heimlege IK Våg.

Landslagsspel Landslagdebut 26. september 2002 mot Jugoslavia. Ho var med i den norske troppa som tok EM-sølv i desember 2002, men sat sjølv på tribunen i alle kampane. Frå europameisterskapen i 2004 til europameisterskapen 2020 var ho med om å vinne fem EM-gull og eitt EM-sølv. Perioden 2007-21 gav henne to gullmedaljar, like mange sølvmedaljar og ein bronsemedalje. I olympiske leikar tok ho gull i 2008 og 2012, samt bronse i 2016 og 2021. Opp til og med VM-finalen 2021 deltok Lunde i 326 landskampar, skåra 3 landslagsmål.

Merittar landslag EM 2004: Sølvmedalje etter 22–25 mot Danmark VM 2003: Nr 6 EM 2004: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark EM 2006: Gullmedalje etter 27–24 mot Russland VM 2007: Sølvmedalje etter 24–29 mot Russland OL 2008: Gullmedalje etter 34–27 mot Russland EM 2008: Gullmedalje etter 34–21 mot Spania VM 2009: Bronsemedalje etter 26–21 mot Spania EM 2010: Gullmedalje etter 25–20 mot Sverige VM 2011: Gullmedalje etter 32–24 mot Frankrike OL 2012: Gullmedalje etter 26–23 over Montenegro EM 2012: Sølvmedalje etter 31–34 mot Montenegro VM 2013: Nr 5 med Noreg OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike OL i 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike EM 2024: Gullmedalje etter 31–23 mot Danmark VM 2025: Gullmedalje etter 23–20 mot Tyskland

Merittar klubblag mini|høgre|Katrine Lunde i 2018 Vinnar av EHF-meisterligaen: 2009 og 2010 med Viborg, 2012 med Győri ETO, 2021 med Våg/Vipers Vinnar av EHF-pokalen: 2017 Rostov Dansk seriemeister: 2009 og 2010 med Viborg HK Ungarsk seriemeister: 2011, 2012, 2013, 2014, Ungarsk cupmeister: 2011, 2012, 2013, 2014, og 2015 Russisk meister: 2017 Rostov Norsk seriemeister: 2018, 2019, 2020, 2021 med IK Våg Norsk cupmeister: 2018, 2019, 2020, 2021 med IK Våg

Kjelder

Landskampstatistikk

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2024 Kategori:Spelarar i Handball-EM 2010 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2011 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2012 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2013 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2017 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner Kategori:Folk frå Kristiansand