Silvestras Beltė (), kjend under artistnamnet Silvester Belt, er ein litauisk songar og låtskrivar. Han vann den litauiske songtevlinga Eurovizija.LT og representerte Litauen i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Luktelk».
Bakgrunn Beltė blei fødd i Kaunas i Litauen. Som fireåring utvikla han ei interesse for musikk og byrja å gå på musikkskule. Etter endt utdanning fortsette han studia ved Juozas Gruodis konservatorium i Kaunas.
I 2019 blei han uteksaminert frå i London med ein grad i kommersiell musikkutføring. Etter endt utdanning byrja han å jobbe i ein venleikssalong. I januar 2021 vendte han tilbake til Litauen der han signerte med eit plateselskap; opphavleg hadde han tenkt å returnere til London, men kunne ikkje på grunn av karanteneføresegner.
Karriere I 2010 deltok Beltė i den litauiske uttakinga til Junior Eurovision Song Contest 2010. Han framførte songen «Pi-pa-po» og kvalifiserte seg til finalen, der han enda på 8. plass av 12 finalistar.
I 2017, etter å ha blitt oppmuntra av systera til å søkje, tevla Beltė og vann den litauiske songtevlinga (norsk ‘Eg er ein superhit’). Då han vann, flytta han frå heimbyen til Vilnius, der han seinare gav ut debutsingelen sin Noise. Kort tid etter å ha vunne showet jobba han bak kulissa til TV-showet , den litauiske versjonen av realitytevlinga . Året etter deltok han i den sjette sesongen av X Faktorius, den litauiske versjonen av The X Factor, der han blei eliminert i den fjerde veka.
19. desember 2023 ble det kunngjort at Beltė skulle delta i Eurovizija.LT, den litauiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2024, med songen «Luktelk». Han deltok i den fyrste semifinalen, som han vann, og kvalifiserte seg til finalen. Han vann finalen laurdag 17. februar 2024. Som følgje av sigeren fekk han representere Litauen i Eurovision Song Contest 2024.
I Eurovision Song Contest deltok Beltė i den fyrste semifinalen tysdag 7. mai i Malmö. Der blei han nummer fire og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mai. I finalen enda han på 14. plass med 90 poeng.
Artisteri Beltė skildrar musikken sin som hovudsakleg pop, med nokre elektroniske, og teknopåverknadar. Han nemner som si store inspirasjonskjelde.
Privatliv Beltė er ope bifil og kom ut offentleg i 2017.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Silvester Belt» frå , den 28. desember 2024.
Kategori:Litauiske songarar Kategori:Litauiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Litauiske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-låtskrivarar