Knut Jonsson Standal () var ein norsk gardbrukar på Indre-Standal i Hjørundfjord. Han var ordførar 1932-34 i dåverande Hjørundfjord kommune.
Standal arbeidde på farsgarden Frikegarden i mange år før han fekk skøyte på garden i 1923. Han var gift med Ingeborg Thoresdotter, f. Rekedal. Dei fekk ikkje born men tok til seg granneguten Harald, han fekk delt skøyte på Frikegarden i 1949. Knut hadde fleire offentlege verv, var ei tid formann i jordstyret og 1926-28 formann i forstandarskapen i Hjørundfjord Sparebank. «Han hadde god innsikt og kunnskap om bygging, og vart ved fleire høve nytta både privat og av kommunen når nybygg skulle realiserast.» Han «tileigna seg medisinske kunnskapar» ved å lese medisinsk litteratur. Ofte vart han rådspurt i bygda om noko helsemessig stod på. Valbolken 1932-34 var han ordførar i Hjørundfjord.
Kjelder Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr. 46, s. 66f. 2024 Folketeljinga 1920
Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Ordførarar i Hjørundfjord