Gornji Ribnik (kyrillisk Горњи Рибник) er ein tettstad og hovudsete i kommunen Ribnik i Den bosniske serbarrepublikken (Republika Srpska), den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.
Etter Daytonavtalen vart tettstaden Ključ og det meste av den tidlegare kommunen liggjande i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina. Ein mindre del vart liggjande i Den bosniske serbarrepublikken, først med namnet Srpski Ključ, seinare som kommunen Ribnik.
Folketal Ved dei siste folketeljingane var folketalet:
Folketal 1991 Folketal 2013 Gornji Ribnik 696 697
Kjelder Referansar
Kategori:Byar og tettstader i Den bosniske serbarrepublikken