Den administrative inndelinga av Kroatia er stadfesta i grunnlova og i Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia av 19. juli 2006.

Landet er delt inn i 21 fylke (kroatisk županije). Innanfor kvart fylke er det to kategoriar av kommunar: bykommunar (grad) i bymessige strøk landkommunar (općina) i landlege område

Dei to typane kommunar ligg på same administrative nivå. I 2023 hadde landet 128 bykommunar og 428 landkommunar.

Zagreb Hovudstaden Zagreb er eit unnta frå denne strukturen. Han er ein eigen kommune, men er administrativt styrt på same nivå som fylka. Hovudstaden er så delt inn i ei rekkje distrikt (gradska četvrt, «bydistrikt») med visse lokalstyrte oppgåver, fastlagd i Statuttar for byen Zagreb av 1. april 2001.

Referansar