José Julián Martí y Perez () var ein cubansk filosof, tenkjar, inspirator og president. Han var den store pådrivaren for cubansk sjølvstende frå kolonimakta Spania. Han blir òg sett på som den intellektuelle inspiratoren i den cubanske sjølvstendekrigen. Da krigshandlingane starta på nytt i 1895 var Martí og den cubanske generalen Antonio Maceo dei to sentrale pådrivarane.

På same måte som Maceo returnerte Martí tilbake til Cuba i 1895 frå eksil i USA, nærare bestemt New York. Martí vart straks utnemnd til president av dei cubanske opprørarane. Han fungerte i denne rolla frå 5. mai 1895 til 19. mai 1895, da han reid ut saman med Los Mambies og vart drepen i kamp med spanske troppar, vel 40 år gammal .

José Martí levde det meste av det vaksne livet sitt i USA etter å ha vorte landsforvist fra Cuba for anti-spansk verksemd. Under eksilet skreiv han ei rekke bøker og filosofiske tekstar. Frå heimen sin i New York åtvara han mellom anna mot å la amerikanarane få innpass på Cuba, med grunngjeving om at Cuba da ville gå frå å vera ein spansk til ein amerikansk koloni. Dei litterære verka hans er samla i 28 store band.

Martí blir i dag sett på som Cubas «landsfader», og nyt stor respekt i det cubanske folket. Som den andre «landsfaderen» blir Carlos Manuel de Céspedes y del Castillo rekna, som i 1869 starta det første opprøret mot den spanske kolonimakta.

Martí er òg mannen bak den kjende utsegna «for å vera fri, må du ha kunnskap frå fleire kjelder».

Martí har fått byen Marti på Cuba oppnemnd etter seg, og flyplassen i Havanna ber namnet «José Martí International Airport». Portrettet hans finst på dei cubanske 1 peso-setlane .

Bakgrunnsstoff John M. Kirk (1984) «José Martí: mentor of the Cuban nation». University Press. ISBN 0-8130-0812-3 Kronologi på www.latinamericanstudies.org (spansk) Om Marti på www.fiu.edu Om Marti på en.wikipedia.org Bilete av Martí på www.latinamericanstudies.org

Kategori:Cubanske presidentar Kategori:Cubanske politikarar