Tjukknebbtunnelfugl (Geositta crassirostris) er ein fugleart i underfamilien Sclerurinae, som inkluderer lauvvendarar og tunnelfuglar, i omnfuglfamilien Furnariidae. Han er endemisk for Peru.
Taksonomi og systematikk
Taksonomien til tjukknebtunnelfugl er uavklart. Den internasjonale ornitologsamskipnaden (IOC) og BirdLife International's Handbook of the Birds of the World anerkjenner to underartar: nominatforma G. c. crassirostris (Sclater, PL, 1866) og G. c. fortis (Berlepsch & Stolzmann, 1901). Clements-taksonomien anerkjenner likevel ikkje underarten fortis, og handsamar tjukknebtunnelfuglen som monotypisk.
Tjukknebbtunnelfugl og campostunnelfugl (G. poeciloptera) er systerartar.
Skildring
Tjukknebbtunnelfuglen er ein stor art innan slekta si. Han blir mellom 18,5 og 19 cm lang og veg 42 til 55 gram. Kjønna er like i utsjånad. Fjørdrakta er gjennomgåande bruntona med beige underside og mørkare overside. Ansiktet er bleikare med ei kremkvit augebrynsstripe. Strupeområdet er også bleikt. Auga er brune. Nebbet er kraftig og nedbøygd, med ein mørkegrå til svart overnebb og eit blågrått eller blågrått og svart undernebb. Bein og føter er kvitaktige til grålege.
Underarten G. c. fortis har meir raudaktig fjørdrakt enn nominatforma, med meir rustfarge og mindre mørk stripe på flygefjørene.
Utbreiing og habitat
Den nøyaktige utbreiinga til tjukknebtunnelfuglen er ukjent. Generelt finst arten i kystnære åsar og på den vestlege sida av Andesfjella frå sentral til sørvestlege Peru. Nominatunderarten har den nordlegaste utbreiinga av dei to.
Han lever i tørre, steinete skråningar, med spreidde buskar og kaktus. Nær kysten held han seg på høgder mellom 300 og 800 meter, medan han i Andesfjella finst mellom 1 875 og 3 550 meter over havet.
Atferd
Tjukknebbtunnelfuglen ser ut til å vere standfugl det vil seie han held seg i same område året rundt.
Han søkjer føde seg på bakken, anten åleine eller i par. Fuglen går og spring medan han leitar etter mat ved å stikke nebbet ned i bakken. Dietten er ikkje godt dokumentert, men mageinnhald frå eksemplar har vist at han et både insekt og vegetabilsk materiale.
Ein trur at han som andre tunnelfuglar hekkar i jordgangar.
Songen åt tjukknebbtunnelfuglen er ein kraftig, akselererande serie av «cueew»-tonar som ofte går over i ein grov, gnissande serie av «djeer-djeer-djeer-djeer»-tonar.
Lokketonen er skildra som ein stigande og deretter fallande «reew», som minner om eit katteaktig klynk.
Verdas naturvernunion (IUCN) har kategorisert arten som livskraftig, LC.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Thick-billed miner» frå , den 12. januar 2025. Hovudkjelda var: Schulenberg, T. S. and T. Johnson (2020). Thick-billed Miner (Geositta crassirostris), version 1.0. In Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.thbmin1.01 Henta 12. januar 2024
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Omnfuglfamilien Kategori:Fuglar i andesregionen Kategori:Fuglar endemiske for Peru