mini|Staffordshire bull terrier Staffordshire bull terrier (FCI #076) er ein mellomstor britisk terrierrase som kan ha oppstått i Staffordshire, sjølv om opphavet er både usikkert og omdiskutert. Typen blir utkrystallisert i siste halvdel av 1800-åra. Staffordshire bull terrier er også kjend under tilnamna staff og staffe i Noreg. I 2016 var rasen den mest populære i Oslo målt i talet på nye kvalpar. I 2019 var han den mest populære rasen i Tromsø. Han var nest mest populær i Noreg samla sett i 2019
Rasen er forboden i mange land, då ein meiner han kan vera farleg for menneske.«List of banned dog breeds by countries», Petolog.com, 29. oktober 2022
Opphav og alder venstre|mini|Bull terrier og staffordshire bull terrier. Staffordshire bull terrier er truleg eit resultat av kryssingar mellom lokale terrierar og bulldoggar, men forholdet mellom desse er ukjent. Rasen stammar frå England, der liknande hundar blei brukte til baiting (slåstkampar mellom dyr), som okse- og hundekampar. Slostkampar mellom dyr var vanlege på Dei britiske øyane frå midten av 1100-talet og framover, men det er uvisst om kamphandlingane blei utførte med ein spesiell type hund. Kolgravardistriktet i Staffordshire var neppe noko unntak, der typen blir hevda å ha oppstått og som har gjeve namn til hunderasen.
Skildring mini|Lysebrun staffordshire bull terrier.
Staffordshire bull terrier er ein middels stor hunderase med ein kompakt og svært muskuløs kropp med høvesvis korte bein, eit stort hovud med svært veldefinerte kjevemusklar og ein korthåra, glatt pels. Godkjende fargar i rasestandarden er raud, fawn (lysebrun), brindel, svart og blå. Kvar av desse fargane i kombinasjon med kvitt er også godkjende (populært kalla pied.) Black and tan eller leverfarge blir rekna som grove feil og er svært uønskte.
Samanlikna med amerikansk staffordshireterrier (amstaff) og pitbullterrier er staffordshire bull terrieren kortare og meir kompakt. Han er også mykje mildare i veremåten i høve til dei to førstnemnde rasane. Mankehøgd på vaksne individ er mellom 35,5 og 40,5 cm i forhold til vekta. Rasestandarden seier at hannhundar skal vega mellom 12,7 og 17 kg, medan tisper skal vega mellom 11,0 og 15,4 kg. Det finst hannhundar på over 20 kg, men dette er ikkje ønskjeleg.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Staffordshire bull terrier» frå , den 14. januar 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Terrierar Kategori:Britiske husdyr