Taquile (spansk , uttalt [ˈisla ðe taˈkile]; quechua Intika) er ei øy på den peruanske sida av Titicacasjøen, 45 km utanfor kysten av byen Puno i det sørlege Peru.

Det bur vel 2000 menneske på øya, som er omlag 5,5 x 1,6 kilometer stor. Titicacasjøen ligg 3812 meter over havet (moh) og ein av dei høgasteliggande innsjøane i verda. Høgaste punktet på øya Taquile er på vel 4000 moh. Øya er bilfri, og straumen, som er avgrensa, kjem frå eit solcellepanel som øybuarane har i fellesskap.

UNESCO har listeført det tradisjonelle tekstilhandverket på øya som immaterielle kulturarv. Menn og kvinner samarbeider om tekstilproduksjonen. Kvinnene fargar, spinn og vever ulla. Dei vever mellom anna kalenderlinningen, eit breidt belte som viser årssyklusane knytt til ritual, jordbruk og aktivitet. Mennene på øya strikkar klesplagg, som luer og hanskar, som dei sel til besøkande på eit kooperativ på øya. mini|Kvinner og menn på Taquile har ei særskilt arbeidsfordeling når det gjeld klesproduksjon. Kvinnene vev og mennene strikkar. mini|Vevetradisjonen på øya går tilbake til de gamle inka-, pukara- og colla-sivilisasjonane, og held liv i delar av pre-spanske, andinske kulturar.

Berekraftig turisme Folket snakkar quechua og ivaretek ein tradisjonell livsstil. Taquilesamfunnet har lokal kontroll over turismen til øya. Taquilearar er kjende for å ha skapt ein innovativ, samfunnskontrollert og berekraftig turismemodell. Dei som besøker øya blir tilbydde opphald og overnatting i private heimar, kulturelle aktivitetar, lokale guidar og tradisjonell mat innanfor rammene av kva det vesle øysamfunnet toler.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Taquile Island» frå , den 17. januar 2025.

Kategori:Øyar i Peru Kategori:Peruansk historie Kategori:Representativ liste over den immaterielle kulturarven til menneskja