Sula er ei biologisk slekt av sjøfuglar i sulefamilien, Sulidae. Leveområdet er generelt pantropisk. Desse sulene lever pelagiske og hekkar typisk på øyar fjernt frå kontinenta.
Slekta Sula blei introdusert av den franske zoologen Mathurin Jacques Brisson i 1760. Typearten er brunsule. Namnet kjem frå súla, det norrøne og islandske ordet for arten havsule i Nord-Atlanteren.
Skildring Dette er store sjøfuglar med små skilnader i storleik mellom artane. Typisk ligg kroppslengda mellom 70 og 84 cm, og kroppsmassen på 1,1 - 2,3 kg. Kjønna er like, men hoene er ofte litt større enn hannane. Raudfotsule er ein liten art i slekta, 69-79 cm og 0,9-1,1 kg.
Sula-artane har lange spisse venger, avsmalnande halar og kraftige, spydforma nebb. Fjørdrakta er kontrastrikt mønstra i kvitt og svart eller brunt, nebb og bein har ofte lyse eller klåre fargar.
Utbreiingsområdet er over alle tropiske hav. Her fangar dei fisk ved å stupe frå ei høgde ned i sjøen og jage byttet under vatn. Luftsekkar under huda i ansiktet dempar slaget når dei treff vatnet. Dette er fuglar som hekkar i koloniar på øyar og kystar. Dei legg normalt eitt eller fleire kritkvit-blå egg på bakken eller av og til i eit reir i tre. Selektivt press, truleg på grunn av ressurskonkurranse, har forma økomorfologien og åtferda til dei seks suleartane i Stillehavet.
Namnsetting Det engelske fellesnamnet 'booby' for medlemmer i denne slekta kjem truleg frå det spanske slangordet bobo, som betyr «dum». Dei tamme fuglane hadde for vane å lande om bord på seglskip, der dei lett kunne bli fanga og etne. På grunn av dette blir suler ofte nemnde som mat for skipbrotne sjømenn, spesielt i forteljinga om William Bligh frå skipet Bounty og hans tilhengjarar etter at dei blei sett ut på sjøen av Fletcher Christian og hans følgje. Det norske fellesnamnet 'sule' er brukt både for alle medlemmer av Sula og for artane i den andre slekta av sulefamilien, nemleg Morus som inkluderer havsule.
Galleri
Artsoversyn Slekt Sula i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Alle artane er klassifiserte som livskraftige. Sulefamilien, Sulidae Slekt Papasula Slekt Morus Slekt Sula Raudfotsule, Sula sula, Red-footed Booby, (Linnaeus, 1766), (LC) Brunsule, Sula leucogaster, Brown Booby, (Boddaert, 1783), (LC) Maskesule, Sula dactylatra, Masked Booby, Lesson, RP, 1831, (LC) Nazcasule, Sula granti, Nazca Booby, Rothschild, 1902, (LC) Blåfotsule, Sula nebouxii, Blue-footed Booby, Milne-Edwards, 1882, (LC) Humboldtsule, Sula variegata, Peruvian Booby, (Tschudi, 1843), (LC)
Taksonomi Seks av dei ti nolevande artane i sulefamilien høyrer til i slekta Sula, medan dei tre artane vanlegvis blir plasserte i slekta Morus. Christmassule var tidlegare inkludert i Sula, men er no skilt ut i ei monotypisk slekt, Papasula, som representerer ei eldgammal linje, kanskje nærare Morus. Slektene kan lett skiljast ved hjelp av osteologi, studie av skjeletta. Dei distinkte slektslinjene for Morus-suler og slekta Sula har eksistert i denne forma sidan minst midtre miocen (for 15 millionar år sidan).
Fossilhistoria til slekta Sula er ikkje like godt dokumentert som for Morus, anten fordi artsdanninga i Sula var lågare frå sein miocen til pliocen, då mangfaldet av Morus var på sitt høgaste, eller fordi fossilhistoria for suler enno er ufullstendig, sidan dei fleste fossillokalitetane ligg i ekvatoriale eller sørlege halvkulestrøk. Kjelder
Første versjon av denne artikkelen var baset på «Booby» frå , den 28. januar 2025
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sulefamilien Kategori:Fugleslekter