Tove Irma Margit Ditlevsen () var ein dansk lyrikar og forfattar. Som ein av dei mest folkekjære forfattarane i Danmark nokon gong blei ho hylla med ei rekkje arrangement ved hundreårsdagen for fødselen sin.
Bakgrunn mini|Tove Ditlevsens Plads på Vesterbro er oppkalla etter Tove Ditlevsen. Tove Ditlevsen voks opp i arbeidarstrøket Vesterbro i København som dotter av Kirstine Alfrida Mundus og fyrbøtaren Ditlev Nielsen Ditlevsen. Vesterbro var prega av arbeidsløyse i mellomkrigstida, noko som forma oppveksten til Ditlevsen på 4. sal (dvs. 5. etasje) i bakhuset i Hedebygade 30A.«Hedebygade 30A»: Lyrikeren og forfatterinden Tove Ditlevsen havde sit barndomshjem på 4. sal i baghuset Oppveksten var fattig og utrygg med leik i trappene og ved søppelkassene i den mørke bakgarden. Det stod skrekk av drapet i Matthæusgade, der skulen låg.«Matthæusgade», Kend København Ein mann kjend som «Røde Karl» valdtok og drap ei 8 år gammal jente, ein av skulekameratane til Tove Ditlevsen, søndag 22. september 1929. Folk kalla det «Matthæusgade-mordet», og gjerningsmannen blei dømd til livsvarig tukthus.Drapssaker i Danmark 1885-1943
På denne bakgrunnen var det ekstra tungt at mora var dominerande og uberekneleg, mistenksam, fornærma, krevjande og samtidig avvisande.Jens Andersen: Til døden os skiller (s. 154), Gyldendal, ISBN 87-00-31094-8 Dei to barna, Edvin og Tove, fekk høyra at dei var «feiltagelser» og «født i en sky av såpebobler», fordi mora hadde prøvd å framkalla abort med grønsåpe og amerikansk olje.Jens Andersen: Til døden os skiller (s. 146) Ho slutta aldri å prøva å gjera dottera usikker på seg sjølv.Jens Andersen: Til døden os skiller (s. 150) Tove Ditlevsen skildra det slik: «Barndommen er lang og smal som en kiste, og man kan ikke slippe ut av den ved egen hjelp».Eva Pohl: «Jeg tror jeg er en smule sinnssyk», Berlingske Tidende 23. mars 2015
Ditlevsen var skuleflink, og læraren tilrådde at ho skulle halda fram på gymnas. Foreldra hennar sa nei til dette, og skaffa henne i staden «plass i huset» (dvs. arbeid som hushjelp).Cecilie Rønsholt: «Da digterinden fløj fra barndommens rede», Kristeligt Dagblad 18. oktober 2017 I den delvis sjølvbiografiske Barndommens gade fortel ho at ho fekk nye sko til konfirmasjonen sin, og at mor hennar då sa til henne: «Ja, dette blir så dei siste skoa vi gir deg.» Lærebog i kultur- og aktivitetsfag (s. 264) - og dermed lét henne forstå at ho i auga til foreldra berre hadde vore ein utgiftspost som dei no var kvitt. Opplevinga skaka Ditlevsen såpass mykje at ho blir gjengitt i fleire av novellene hennar: «Den vonde lykke» og «Frykt». Den onde lykke Frygt
Seinare lærte ho å skriva på maskin og blei kontordame. I varedirektoratet arbeidde også sekretæren, den seinare statsministeren Jens Otto Krag, som ein gong dikterte henne svar på ei hastesak før han bad henne ut og dansa carioca, noko ho takka nei til. Krag syntest ho tok arbeidet sitt «for alvorleg», medan det motsette var tilfellet då ho arbeidde på Statens kornkontor, der sjefen kom over dikt ho hadde fått på trykk i Vild Hvede, eit blad han skal ha kjøpt i den trua at det handla om jordbruk.Jens Andersen: Til døden os skiller (s. 57)
Virke På minneplata i Hedebygade 30A står det feilaktig at Tove Ditlevsen budde der til ho var 22 år. Men ho var tenåring då familien flytta frå bakgarden til Westend 32. Sidan flytta ho heimanfrå til eit rom på Østerbro. To år seinare gifta ho seg og flytta inn hjå mannen sin i gata Under ElmeneFoto fra Under Elmene ved Amager Boulevard, og då var ho 22 år.
Mot slutten av 1930-talet kom Tove Ditlevsen inn i krinsen rundt tidsskriftet Vild Hvede, der ho debuterte med eitt av dikta sine i 1937. Her møtte ho den fyrste ektemannen sin, den 30 år eldre redaktøren Viggo F. Møller. Han tilbaud å adoptera henne og dermed gje henne høve til å skriva på heiltid. Foreldra hennar sa nei til dette, og det einaste Møller då kunne tilby henne var ekteskap, sjølv om det var snakk om eit far-dotter-forhold.Jens Andersen: Til døden os skiller (s. 31) Ditlevsen, som no var «fru redaktør Møller» og skreiv på den fyrste romanen sin i morgontimane før Møller stod opp, var tynga av den avgrensa skulegangen sin, og om kveldane las ho historiebøker. Til og med bordskikk var ho så usikker på at ho alltid bestilte forloren skjelpadde når dei åt ute, for denne retten kan etast med gaffel, det er ikkje nødvendig å bruka kniv.Jens Andersen: Til døden os skiller (s. 36) Møller oppmuntra den unge kona si til å stifta Unge Kunstneres Klubb, der ho møtte likesinna som Sonja Hauberghttps://www.kvinfo.dk/side/171/bio/115/ og Morten Nielsen; dessutan Ester Nagel«Ester Nagel» og Halfdan Rasmussen, som blei gifte med kvarandre (og sistnemnde etterfølgde seinare Møller som redaktør av Vild Hvede). Også Piet Hein var med i krinsen, og blei snart kjærast med Ditlevsen.
Den fyrste utgjevinga hennar var diktsamlinga Pigesind (1939), som blei følgd av romanen Man gjorde et barn fortræd (1941). Deretter braut Ditlevsen ut av det platoniske ekteskapet med Møller, flytta inn i eit pensjonat på Åboulevarden - og blei forlate av Piet Hein, som likevel helsa romandebuten hennar med eit gruk i Politiken:
Jeg svinger ikke min dikterhatt for en hvilken som helst Tove Ditt eller Datt. men her må jeg juble med. Det var en debut uten noen debatt, så stor en suksess, at jeg frykter for at man gjorde et barn fortred. Tove Ditlevsen om sig selv
I 1942 blei Tove Ditlevsen gravid og gifta seg med den jamaldrande studenten Ebbe Munk, som ho måtte forsørgja som skribent. Dei flytta saman i ei toroms leilegheit i Tartinisvej i Sydhavnen og fekk i januar 1943 dottera Helle, som blei teken med tong. Fødselsskadane som Ditlevsen blei påførte øydela ekteskapet.Danske legender: Tove Ditlevsen Dette året gav ho også ut romanen Barndommens gade, som skildrar miljøet ho sjølv voks opp i.
I 1945 møtte Ditlevsen legen Carl Theodor Ryberg på ein fest. Ho blei gravid utan å vita om han eller ektemannen var far til barnet, og fortel i sjølvbiografien Gift korleis Ryberg framkalla ein abort etter å ha gitt henne ei sprøyte pethidin.Legemiddelet Pethidin Ho kunne deretter ikkje tenkja på anna enn å få meir av stoffet; skilde seg frå Munk, gifta seg med Ryberg og fekk i 1946 sonen Michael for å knyta han nærare til seg. Same året adopterte ho også den nyfødde dottera hans Trine for å knyta han ytterlegare til seg. Familien isolerte seg i fem år i einebustaden Ewaldsbakken 34. I desse fem åra blei Ditlevsen rusmiddelavhengig, og vog berre 30 kilo då ho i 1949 klarte å krypa bort til ein telefon og tilkalla hjelp. Ho fortel i Gift at ho blei innlagd til avvenning, medan Ryberg, som ho aldri såg igjen, blei innlagt med psykose på eit psykiatrisk sjukehus.
Ekteskapa deira blei avslutta i 1950, og i 1951 gifta Tove Ditlevsen seg med den fjerde og siste ektemannen sin, Victor Andreasen (1920-2000).Harding, Merete; Jespersen, Verner: «Victor Andreasen» i Dansk Biografisk Leksikon på lex.dk. Hentet 2. mai 2024 fra«Victor-prisen: Fra 1980 til i dag», Ekstra Bladet 11. juni 2019 Paret flytta til Birkerød, fordi Andreasen oppdaga at kona hans hadde teke opp att stoffmisbruket. I 1954 fekk dei sonen Peter, og Ditlevsen hugsa åra i Birkerød som gode. Men så fekk Andreasen tilbod om ei viktig stilling i Udenrigsministeriet, og familien flytta til ein 7-roms herskapsleilegheit ved H.C. Andersens Boulevard i København. Ditlevsen eigna seg dårleg som medfølgjande frue på ministerielle middagar. Ekteskapet skranta, og gjennom 1960- og 1970-åra fekk ho gjentekne tilbakefall med innleggingar. I 1973 enda ekteskapet, som ho skildra så skånsellaust i Vilhelms rom at Andreasen blei sjukmeldt. Som sjefredaktør i Ekstra Bladet 1972-76 mobiliserte han ein kampanje mot statsstøtte til kunstnarar. Ditlevsen tok offentleg avstand frå kampanjen, som nokon tolka som eit åtak frå Andreasen på henne.Sven Ove Gade: «Victor – det dumme svin», Information 7. november 2002
Tove Ditlevsen overtok som brevkasseredaktør i Familiejournalen i 1956 og heldt fram med å svara på lesarbrev fram til ho døydde.Lone Kühlmann: «Tove Ditlevsens brevkassesvar», Berlingske, 8. november 2018 Svara hennar gjennom tjue år er samla og gitt ut.«Små hverdagsproblemer», spalten gjennom 20 år
Tove Ditlevsen i Noreg I september 1955 kom den norske omsetjinga av Vi har kun hinannen ut, og Ditlevsen reise til Oslo i lag med ektemannen Victor. Det var den fyrste pressekonferansen hennar med blitzlys, men «vi kunne ikke forså hverandre, nordmennene og jeg». Etter nokre innleiande minutt måtte samtalen gå føre seg på engelsk. Etter dette var Tove Ditlevsen sikker på at ho treivst best heime.Karen Syberg: Tove Ditlevsen: Myte og liv (s. 228), Forlaget Tiderne skifter, 1997, ISBN 87-7445-713-6 Men 21 februar 1961 la ho likevel ut på ein opplesingsturné i Noreg saman med Thorkild Bjørnvig, ungdomsvennen Halfdan Rasmussen og Klaus Rifbjerg. Det blei drukke mykje undervegs, og på eit sørgåande tog frå Trondheim prøvde Ditlevsen å riva opp togdøra i fart. Bjørnvig fekk ruska henne laus og slepte henne med seg tilbake til kupeen. Deretter var ho like lystig igjen.Karen Syberg: Tove Ditlevsen: Myte og liv (s. 270)
Siste år Tre år etter den siste skilsmissa si tok Tove Ditlevsen livet av seg mellom den 4. og 7. mars 1976 med ein overdose sovepiller. Ho hadde lånt leilegheita til ungdomsvenninna si Nadja Mac på Nørrevold i Indre by i nokre dagar,Jens Andersen: Til døden os skiller (s. 45) og blei funnen den 8. mars. Familien trudde ho var i Køge. Allereie i september 1974 blei ho etterlyst under eit sjølvmordsforsøk i Rude-skogen, men av skrekk for naturen la ho seg i utkanten av skogen, der ho blei funnen i live av ein mann på tur med hunden sin. I Politiken skreiv ho seinare om augneblinken: «Den uendelige lykke ved aldri mer å skulle se noe menneske i verden.» I ein kronikk i Politiken kritiserte Johannes Møllehave henne kraftig for handlinga hennar, som han kalla uansvarleg. Ditlevsen repliserte: «Vi har jo ikke selv bestemt at vi ville inn i verden, så la oss selv bestemme når vi vil ut av den.»Jens Andersen: Til døden os skiller (s. 22-23)
Ho ønskte å bli gravlagd på Vestre kyrkjegard i København,Erik Skytte: «Tove Ditlevsen», findagrave.dk der ho hadde leika mykje som barn. Son hennar Michael Ryberg (1946-99) som døydde i ei trafikkulykke, er gravlagd same stad.Karen Syberg: «Mandlen i brystet», Information 10. juli 2010 «Vesterbros eget hjerte banket stille, da Tove Ditlevsens båre blev ført over Enghavevej til Vestre kirkegård,» stod det i Politiken 18. mars 1976, medan fleire tusen stod ventande langs ruta.Henriette Lind: «Det var en begravelse. Men mest af alt var det en kærlighedserklæring», Politiken 14. desember 2017 Avisreferata noterte like mykje dei som ikkje kom. Det danske akademiet viste seg ikkje. Tove Ditlevsen fekk ikkje den store prisen til akademiet i 1974, og den manglande anerkjenninga er også synleg ved at Danmarks kulturkanon reknar henne som obligatorisk i folkeskulen, etter at ho og Henrik Ibsen fortrengde Klaus Rifbjerg og Martin A. Hansen,Dansklærerforeningen: Kanon-arbeid, Tove Ditlevsen på listen (over Henrik Ibsen) medan ho var utelaten frå lista til undervisningsministeriet.Elisabeth Møller Jensen: Gratulasjon til Tove Ditlevsen, hentet fra Wayback Machine
I 2015 blei livet og verka til Ditlevsen fortolka av teaterkollektivet «Sort Samvittighed» med framsyninga Tove!Tove!Tove!Tove! Tove! Tove, Det Kongelige Teater
Bibliografi
Pigesind – dikt (1939) Man gjorde et barn fortræd – roman (1941) Lille Verden – dikt (1942) Barndommens gade – roman (1943) Den fulde Frihed – noveller (1944) For Barnets Skyld – roman (1946) Blinkende Lygter – dikt (1947) Dommeren – noveller (1948) Paraplyen – noveller (1952) Vi har kun hinanden – roman (1954) Kvindesind – dikt (1955) Annelise – 13 år – barnebok (1958) Flugten fra opvasken – erindringar (1959) Hvad nu Annelise? – barnebok (1960) To som elsker hinanden – roman (1960)