Asmus Jacob Carstens () var ein dansk-tysk kunstmålar.

Carstens var fødd i Skt. Jørgen ved Slesvig i hertugdømet Slesvig, I 1776 kom han til København for å studera ved Det Kongelige Danske Kunstakademi. Dei store stilistiske førebileta hans var renessansemålarane Michelangelo Buonarroti og Raffaello Santi. Samtidig studerte han forfattarar frå antikken som Homer, Sofokles, Platon og seinare forfattarar som Dante, Shakespeare og Ossian.

På grunn av usemjer med leiinga i akademiet blei han relegert. Deretter drog han til Italia i 1783. Etter opphaldet reiste han til Lübeck, der han levde av å måla portrett. Carstens var i Lübeck fram til 1788

I 1788 og 1789 stilte han ut i Berlin og fekk ein pris frå kunstakademiet i byen. I 1790 blei han utnemnd til professor ved teikneklassen til akademiet. To år seinare fekk han eit reisestipend og drog til Roma. Han bestemte seg for å bli verande i byen, og braut med akademiet i Berlin. Han døydde i Roma i 1798.

Carstens blei med det nyklassisistiske måleriet sitt eit førebilete for mange danske og tyske kunstnarar i Roma, mellom anna Bertel Thorvaldsen.

I hagen ved Ny Carlsberg Glyptotek i København er det eit monument over Carstens som er utført av Theobald Stein.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Asmus Jacob Carstens» frå , den 14. februar 2025.

Kategori:Den danske gullalderen Kategori:Tyske målarar Kategori:Danske målarar Kategori:Målarar frå 1700-talet