Ola Ananiasson Kile () var ein båtbyggjar og dykkar frå Volda, aktiv i Ålesund.
Kile var frå Svenngarden på Kile i Volda. Han var gift 1845 med Andrine Anderssdotter Heltne (1816-1882). Dei flytta til Ålesund, der han tok til å byggje båtar. Ola tok borgarskap som tømmermann i 1857, men kan godt ha vore i arbeid som båbyggjar i byen allereie 1848,Ålesund 1848-1948. Økonomisk og kommunal historie. Bind I 1848-1904, s. 85. det året Ålesund fekk byrettar. Ola og kona, som budde i Skutvika i Ålesund, vart foreldre til Anne Marie i 1857. Ved folketeljinga 1865 vart Ola nemnt "Skibstømmermand Mester". Før 1870 flytta Ola til Trondheim, der han livnærte seg som dykkar. Både dottera og han sjølv døydde i trønderbyen seinsommaren/hausten 1875. Andrine flytta som enkje til brorslekta på Nautøya i Herøy på Sunnmøre og døydde der.
Kjelder
Folketeljing 1865 Folketeljing 1870
Kategori:Norske båtbyggjarar Kategori:Folk frå Volda Kategori:Folk frå Ålesund