Ole Kristian Haagensen () var ein norsk arbeidar og stortingsmann frå Onsøy i Østfold. Han representerte Smaalenenes amt i stortinga 1895-97 og 1898-1900.

Haagensen var son til ein smed og plassemann under storgarden Elingård i Onsøy. Sjølv var han frå 1864 sagbrukarbeidar på Græsvig Brug, og budde på Gresvik. Frå 1895 til 1900 var han stortingsmann for Smaalenene og partiet Høgre. I begge tingbolkane var han medlem i Tollkomiteen.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Rakkestad Avis, 21. januar 1919 Klokkarbok for Gresvik 1911-33

Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Folk frå Fredrikstad Kategori:Norske arbeidarar