Jacob Frederik Oxholm () var ein dansk-norsk kjøpmann og stortingsmann busett i Trondheim, fødd i København i Danmark.

Oxholm kom i ung alder med foreldra til Trondheim. Etter å ha vore kontormann i Trondheim, dreiv han nokre år handel i Hammerfest. Deretter kjøpmann i Trondheim, der han frå 1816 var både børskommissær, kongeleg magasinforvaltar, styremedlem i Noregs Bank og ein av stiftarane av Trondheim Sparebank.

Oxholm representerte Trondheim i Stortinget 1815-16, Stortinget 1821, omframtstortinget 1822, Stortinget 1824, Stortinget 1827, omframtstortinget 1828 og Stortinget 1830.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Folk frå Trondheim