Kim Jae-kyu () var ein periode direktør for den sør-koreanske etteretningstenesta KCIA, men er mest kjend for å ha myrda president Park Chung-hee 26. oktober 1979. Han vart avretta året etter.

Like før han drap presidenten skaut han mot livvakta hans medan han visstnok skal ha ropt «버러지 같은 놈!» som betyr noko som «Ditt motbydelege kryp!».

Filmen The President’s Last Bang frå 2005 tar for seg denne hendinga.

Kategori:Sørkoreanarar