Sara Briški Cirman (), kjend under artistnamnet Raiven, er ein slovensk songar, låtskrivar og harpespelar. Ho gjorde seg merka i heimlandet i 2016, då ho blei nummer to i EMA, den slovenske uttakinga til Eurovision Song Contest. Ho deltok sidan i EMA 2017, der ho blei nummer tre, og i EMA 2019 der ho fekk ein andreplass. Ho representerte Slovenia i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Veronika».
Bakgrunn venstre|miniatyr|Raiven under EMA 2017. Raiven vaks opp i den slovenske hovudstaden Ljubljana. Ho byrja med musikk som fireåring og starta seinare ved Ljubljana Music Matica. Frå 2002 til 2011 tok ho harpetimar ved musikkskulen i Ljubljana. -debuten kom i 2014, og to år seinare deltok ho i EMA – det slovenske svaret på Melodi Grand Prix. Der blei ho nummer to med låten «Črno bel». Ho deltok sidan i EMA 2017 med «Zažarim» og deretter med låten «Kaos» i 2019.
I 2021 vann Raiven den slovenske musikkfestivalen Popevka med sin eigenskrivne låt «Volkovi». Innimellom har ho drive med opera og teater, og etter å ha fullført ein mastergrad ved Ljubljana musikkakademi, byrja hun for å jobbe innan sjangaren elektroopera. Ho lanserte i 2022 eit eige elektroopera-prosjekt som kombinerer klassisk opera med elektropop.
I desember 2023 kunngjorde den slovenske ålmennkringkastaren at Raiven skulle representere Slovenia i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö. Ho deltok med låten «Veronika». Ho kvalifiserte seg til finalen av Eurovision Song Contest og enda til slutt på 23. plass.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Raiven» frå , den 3. mars 2025.
Kategori:Slovenske songarar Kategori:Slovenske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Slovenske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-låtskrivarar Kategori:Folk frå Ljubljana