Aljona Olehivna Savranenko (), kjend under artistnamnet Alyona Alyona, er ein ukrainsk rappar, songar og låtskrivar. I 2019 gav ho ut debutalbumet sitt, Pusjka (Пушка), etterfølgd av ein EP same år, V khati MA (В хаті МА).

I 2024 representerte Alyona Alyona, saman med Jerry Heil, Ukraina i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Teresa & Maria».

Bakgrunn Aljona Savranenko blei fødd den 14. juni 1991 i den byliknande busetnaden Kapitanivka i Novomyrhorod rajon i Kirovohrad oblast. Ho har to bachelorgrader, der den eine kjem frå Hrihorij Skovoroda pedagogiske statsuniversitet i Perejaslav. Før ho byrja med rapping jobba ho som lærar ved Teremok barnehage i Barysjivka i Kyiv oblast. Ho leia deretter barnehagen i nabolandsbyen Dernivka. Totalt jobba Savranenko i fire år i barnehagar, og forlet jobben då ho oppnådde popularitet.

Musikkarriere Alyona Alyona byrja å skrive rapmusikk på midten av 2000-åra, med fleire forsøk på å nå eit breiare publikum. Det opphavlege scenenamnet hennar var Alyona Al.kaida.

Under det noverande aliaset sitt gav Alyona Alyona ut sitt fyrste videoklipp i oktober 2018, for songen «Rybky» (Рибки). Den 24. oktober gav ho ut det andre videoklippet av same spor, denne gongen med profesjonell regi. Den 12. november gav ho ut videoklippet av «Holovy» (Голови), som fekk ein million syningar på YouTube den fyrste månaden. Dette blei følgd av ytterlegare to videoklipp: «Vidtsjynjaj» ("Відчиняй") 30. november, og «Zalysjaju svij dim» ("Залишаю свій дім") i desember. Sistnemnde skildrar symbolsk artisten som forlet Barysjivka, heimbyen sin.

I januar 2019, midt i ein politisk skandale som involverte president Porosjenko, gav Alyona Alyona ut ein ny song, med tittelen «Obitsianky» ("Обіцянки"). Seinare same år, den 8. april, gav Alyona Alyona ut sitt fyrste album, Pusjka (Пушка), i tillegg til videoklippet av det homonyme hovudsporet. Albumet inneheld fire tidlegare utgjevne songer, i tillegg til ni nye, inkludert «Padlo» (Падло), i eit samarbeid med Alina Pasj. Alyona Alyona blei omtalt i {Vogue-utgåva den månaden som «Ukrainas mest usannsynlege rapstjerne».

Alyona Alyona opptredde på Sziget-festivalen i Budapest i august 2019. I desember 2019 skreiv ho teksten til songen «Vilna» (Вільна), ein song framført av og Julija Sanina og inkludert i lydsporet til den ukrainske spelefilmen Viddana. Den 7. februar 2020 skreiv ho kontrakt med det polske plateselskapet Def Jam Polska. 15. januar 2021 vann Alyona Alyona Public Choice Award i Music Moves Europe Talent Awards-konkurransen.

Alyona Alyona var ein del av den ukrainske jurygruppa for Eurovision Song Contest 2021. I 2024 var ho og Jerry Heil blant finalistane i , den ukrainske uttakinga til Eurovision Song Contest 2024, med songen «Teresa & Maria». Duoen vann finalen 4. februar 2024, og fekk dermed retten til å representere Ukraina i Eurovision Song Contest i Malmö. I Eurovision Song Contest blei Alyona Alyona og Jerry Heil trekte til å delta i den fyrste semifinalen, der dei blei nummer to av 15 deltakarar med 173 poeng. Dei kvalifiserte seg til finalen, der dei ble nummer tre av 26 deltakarar med 453 poeng.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alyona Alyona» frå , den 5. mars 2025.

Kategori:Ukrainske songarar Kategori:Ukrainske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Ukrainske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-låtskrivarar Kategori:Folk frå Kirovhorad oblast