Jannicke Jane Mikkelsen () er ein norsk filmfotograf. Ho har arbeidd innan bruk av 3D-animasjon, virtuell røyndom (VR) og -teknologi internasjonalt, blant anna med å kombinere tradisjonell filmproduksjon med nye teknologiar, spesielt i utfordrande og ekstreme miljø.

Mikkelsen blei den fyrste norske kvinnelege og den andre norske romfararen med a si 1. april 2025.

Bakgrunn Mikkelsen blei fødd i Edinburgh i Skottland. Då ho var 10 år gammal, hadde ho ei rideulykke som gjorde ho lam frå livet og ned i ein periode, men ho klarte å gjenvinne bruken av beina. Mikkelsen utvikla ein interesse for 3D-teknologi då ho var 12 år gammal, under eit skuleprosjekt om 3D-kartlegging brukt av NASA.

Samstundes, etter å ha prøvd seg på kunstløp, vigde Mikkelsen seg til hurtigløp på skeiser. Ho studerte ved National Film and Television School i Beaconsfield i Storbritannia. Ho kom på tredjeplass på 3 000 meter under . Ho melde seg fyrst inn i skeiseklubben og seinare inn i Geithus Idrettslag.

Karriere innan 3D-kinematografi I 2009 blei Mikkelsen kameraoperatør med spesialisering i stereoskopi og slutta seg til kollegaen Florian Maier i Tyskland for å arbeide med 3D-filmar. Dei deltok i produksjonen av filmar som og . Arbeidet deira blei to gongar anerkjede av Advanced Imaging Society med Lumière-prisen for beste stereografi.

Overgang til virtuell røyndom Då populariteten til 3D-film avtok, vende Mikkelsen merksemda mot virtuell røyndom. Ho fortsette studia ved National Film and Television School i London, der ho skreiv ei avhandling om historia til stereoskopien. Forskinga hennar førte til eit samarbeid med Brian May, gitaristen i Queen og ein entusiast for stereoskopisk fotografering.

Etter å ha fullført studia, byrja Mikkelsen å jobbe for Alchemy, VR-avdelinga til Atlantic Productions, der ho arbeidde med immersive 360°-dokumentarar, inkludert David Attenborough sin Great Barrier Reef. Likevel var det samarbeidet hennar med Brian May som markerte eit vendepunkt i karrieren hennar.

I 2016 regisserte Mikkelsen VR The Champions, ein 3D 360°-konsert med Queen. Prosjektet inkluderte bruk av dronekamera for å fange publikumsopplevinga, og denne innovative filmen skaffa ho ein Imago-pris.

I 2018 skapte Mikkelsen den interaktive VR-installasjonen Lunar Window ved Kennedy Space Center Visitor Complex, laga for å markere femtiårsjubileet for Apollo 11.

I 2019 deltok Mikkelsen på prosjektet One More Orbit, ei verdsrekordflyging som kryssa båe polane, der ho fungerte som både videograf og dataansvarleg for oppdraget.

I 2022 hadde Mikkelsen ansvar for visuelle effektar i filmen Stowaway. Ho har også arbeidd som konsulent for fleire filmproduksjonar, der ho har bidradd med ekspertise innan avansert kamerateknologi og visuelle effektar.

Romferda Fram2 I august 2024 blei det kjent at Mikkelsen skulle vere fartøysjef på det private for Elon Musk sitt føretak SpaceX. Mikkelsen vart med dette den andre norske private romfararen, etter Marcus Wandt. Deltakarane vart sende av SpaceX i polarbane rundt jorda, og er dei fyrste menneska som gjer det. Romferda starta 1. april 2025.

Prisar og utmerkingar 2017: Imago Award for Extraordinary Technical Achievement

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jannicke Mikkelsen» frå , den 7. mars 2025.

Kategori:Norske filmfotografar Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Romfararar Kategori:Romfararar frå Noreg Kategori:Kvinnelege romfararar