Charlotte Thiis-Evensen () er ein norsk kulturjournalist, litteraturvitar, programleiar og fleirmedial kunstnar (lyd, film, biletkunst). Liv og virke Thiis-Evensen er fødd i Nyköping i Sverige og vaks opp i Porsgrunn.
Etter vidaregåande skule gjekk Thiis-Evensen teaterlinja ved Romerike Folkehøgskole. I 1993 arbeidde ho med radio for NRK Telemark, og deretter blei ho den tiande redaktøren i den idealistiske nærradioen i Oslo, der ho hadde vore med sidan 1989.Erna Bøyum, Det nye orakelet i VG den 21. november 1993. Frå 1990 til 1996 studerte ho til cand.philol. (litteraturvitskap) ved Universitetet i Oslo. Ho studerte ved Statens kunstakademi i Oslo studieåret 2000–2001.
Kunstnarvirke Som kunstnar jobbar Thiis-Evensen blant anna med dokumentarisme innanfor foto, video og installasjonar. Fleire av verka hennar handlar om korleis uuttala maktforhold verkar inn på moglegheita til individet til å handle fritt. Thiis-Evensen har hatt fleire separatutstillingar, blant anna ved Kunstnernes Hus, Sørlandets Kunstmuseum og OSL contemporary. Arbeida hennar har blitt viste i ei rekkje gruppeutstillingar og filmfestivalar.
Produksjonar 2005: «noen var der og har sett meg» (kortfilm og utstilling) – i samarbeid med biletkunstnar Lisa Karlsson; om å vere svaksynt 2015: Arven (animasjonsfilm), produsert av Indie Film 2024: «Memory» – ei utstilling om Alzheimers sjukdom og demens
Journalistikk I tillegg til kunstproduksjon har Thiis-Evensen også jobba som journalist i NRK i fleire år, både med dokumentar og feature-journalistikk. Ho leia tv-programmet frå 2015 til 2022.
Familie I 2011 gifta Thiis-Evensen seg med komponisten (fødd 1973).Bryllupet mellom Charlotte og Eivind er skildra av Anne-Lill Aas i bryllup til kunstprosjekt i Telemark Arbeiderblad den 24. juni 2011. Ho er niesa til professor .
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Charlotte Thiis-Evensen» frå , den 4. februar 2025.
Kategori:Norske kunstnarar Kategori:Norske kulturjournalistar Kategori:Norske filmregissørar Kategori:Norske programleiarar Kategori:NRK-journalistar Kategori:Nordmenn fødde i Sverige Kategori:Folk frå Porsgrunn Kategori:Kunstnarar frå 2000-talet