Hilde Østby () er ein norsk forfattar og skribent. Ho er fødd og oppvaksen i Oslo og er cand. philol. i idéhistorie frå Universitetet i Oslo der ho skreiv oppgåve om Shakespeare.
Østby har tidlegare vore journalist i Dagsavisen, forlagsredaktør i Schibsted og i Nasjonalbiblioteket og kommunikasjonsansvarlig i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening. Ho er per 2025 frilans forfattar, kritikar og fast laurdagsspaltist i Aftenposten. Bøkene hennar er omsette til 21 språk.
Forfattarskap I 2013 gav Østby ut sin første roman, Leksikon om lengsel, på Tiden Norsk Forlag. Romanen handlar om Liv Vestby som skriv eit encyklopedisk verk frå A til Å om dei største heltane i historia til lengsla. I ein miks av fakta og fiksjon skildrar boka historier om skikkelsar som Romeo og Julie, Quisling og Jeanne d'Arc.
Leksikon om lengsel blei godt motteken av kritikarane og fekk blant anna terningkast seks i VG. Boka blei gjeven ut som pocket i 2014, og i 2015 blei ho omsett til ungarsk. Boka er også gjeven ut på tyrkisk.
I 2016 gav Østby boka Å dykke etter sjøhester. En bok om hukommelse saman med systera si . Boka er omsett til 21 språk, deriblant engelsk, tysk, fransk, spansk, koreansk og russisk. Ylva Østby har ein doktograd i psykologi om hugs.
Østby har seinare gjeve ut fleire andre sakprosabøker, både åleine og saman med andre, blant dei ei bok om kreativitet og ei om einsemd, begge omsette og utgjevne på engelsk på det kanadiske forlaget Greystone. Hausten 2024 kom romanen Jeg elsker Dickens som handlar om H.C. Andersen si vitjing til Charles Dickens sin landstad i Kent i 1857. Boka blei kåra til ei av årets beste bøker av både Dagens Næringsliv og Klassekampen, og fekk terningkast fem i VG.
Bibliografi 1995: Karneval. Ungdomsnoveller, novella «Leirdukkene som fikk øyne» (novellesamling), – fleire forfattarar 2013: Leksikon om lengsel (roman), Tiden Norsk Forlag 2016: Å dykke etter sjøhester. En bok om hukommelse (sakprosa), Cappelen Damm – medforfattar: 2020: Kreativitet. Hjernevitenskapen bak ideene og hvorfor dagdrømmerne skal redde verden (sakprosa), Cappelen Damm 2021: Mageboka. Sju steg mot å like kroppen din (sakprosa), Kagge forlag 2022: Ting jeg har mistet (kortprosa), Flamme forlag 2022: Kvinnenes by. En feministisk guide til Oslo (sakprosa) Cappelen Damm – medforfattarar: og Helene Uri 2022: Kart over ensomheten. Om vår ustoppelige trang til fellesskap og hva som driver oss fra hverandre (sakprosa), Cappelen Damm 2024: Jeg elsker Dickens (roman), Kagge forlag
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hilde Østby» frå , den 10. mars 2025.
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 2000-talet Kategori:Folk frå Oslo