Norden (frisisk Platt Nörden) er ein by og ein kommune nordvest i forbundslandet Niedersachsen i Tyskland. Kommunen omfattar 106,3 km² med 25 000 ibuarar.
Byen er ein av dei eldste byane i Ostfriesland, kjent frå 1255. Han ligg et par kilometer frå Nordsjøen og er den nordvestlegaste byen på det tyske fastlandet. Kommunen har 27 kilometer med dikelinje. Turisme og landbruk er dominerande næringar. I 2019 vart det registrert nær 2 millionar overnattingar i Norden.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Norden (Ostfriesland)» frå , den 14. mars 2025.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Niedersachsen