Sigbjørn Molvik () er ein norsk lærar og politikar frå Lauvstad i Dalsfjord, Volda. I perioden mellom 2001 og 2005 representerte han Telemark og Sosialistisk Venstreparti i stortinget.
Molvik gjekk på engelsklinja ved Volda Gymnas 1966–1969. Vidare utdanna han seg ved Hamar lærerskole 1971–1974, og studerte historie grunnfag 1974/75. Etter å ha undervist i 20 år ved Kalstad skole i Kragerø, arbeidde han frå 1995 ved Bratsbergkleiva skole i Skien.
Mellom 1991 og 1995 var Molvik medlem i Kragerø kommunestyre. I perioden 1995–2001 hadde han plass i fylkesutvalet for Telemark. Hausten 2001 vart han vald inn på Stortinget frå Telemark for SV, medlem av Sosialkomitéen.
Molvik var styremedlem i Posten Norge AS frå 2006 og Rikshospitalet HF frå 2008.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Folk frå Volda